Hopp til innhold

Lastebil gjekk varm i Måbødalen

Bremsane på ein trailer gjekk varm på veg ned Måbødalen i Eidfjord. Det rauk kraftig frå traileren, som vart stoppa av publikum i Øvre Eidfjord, melder Vest politidistrikt.

– Det er målt 450 grader i bremsane. Me legg ned køyreforbod mot køyretøyet, fortel operasjonsleiar Morten Kronen.

Lastebilen er registrert med latviske skilter.

Patruljen i Hardanger skal først hiva ut nokre sauar frå Røldalstunnelen, før dei tek turen til Eidfjord og følgjer opp sjåføren vidare, opplyser Kronen.

Måbødalen med Vøringsfossen
Foto: Ole Helø