NRK Meny
Normal

Måtte kvitte seg med last då vatnet fossa inn

Ein lastebåt på veg inn Sørfjorden nord for Bergen melde frå om at dei tok inn vatn. På veg til kai kasta dei lasten over bord.

Lastebåt til kai i Indre Arna

TIL KAI: Her ligg lastebåten til kai, medan redningsskøyta KG Jebsen bistår brannvesenet med å få vatnet ut av båten.

Foto: R/S KG Jebsen / Redningsselskapet

Lastebåt til Kai i Indre Arna

UT MED VATNET: Brannvesenet pumpar vatnet ut av lastebåten.

Foto: R/S KG Jebsen / Redningsselskapet

Politiet fekk melding frå Hovudredningssentralen klokka 19.58.

– Det skal ikkje vera fare for at den skal gå ned, men vi har sendt redningsskøyte og båt frå Kystvakta for å kome til hjelp, fortel operasjonsleiar Terje Erichsen ved Hordaland politidistrikt.

Til NRK fortel hovudredningssentralen at det er tre personar om bord. Også dei bekreftar at det ikkje er fare for at lastebåten går ned.

– Dei tek seg inn til kai i Arnavågen no for eiga maskin, og er ti minutt unna, fortel redningsleiar Ben Vikøren til NRK klokka 20.20.

Står klar med pumper

På kaien i Indre Arna vil brannvesenet stå klar med pumpeutstyr for å hjelpe til.

Det er lastebåten «Heimtun» som har fått problem i Sørfjorden. Dei var seg i fjorden mellom Breistein og Valestrandsfossen då dei melde frå om at dei tok inn vatn. Lastebåten fraktar råvarer til betongproduksjon i Indre Arna.

Kome seg til kai

Klokka 20.33 melder politiet at lastebåten har kome seg til kai.

– Brannvesenet er på veg om bord med pumper og det er kontroll på situasjonen, seier operasjonsleiar Terje Ericshen til NRK like etter.

Han fortel at det kan ha vore dramatisk minutt på lastebåten då den sette kursen mot kai medan dei såg vatnet ta seg inn i skroget.

– Politipatruljar melde ifrå om at dei såg mannskapet kvitte seg med delar av lasta på veg mot kai, for å lette litt på trykket kan du seie. Så dei har brukt ein grabb ombord i båten for å tømme sand og anna over bord.

Dykkarar frå brannvesenet skal no undersøka skroget og reparere eventuelle skader som lastebåten har fått.

Laster kart, vennligst vent...

Siste video

Programelder Øyvor Bakke
Listetoppene i Hordaland møttes til stor debatt, i samarbeid mellom BT, BA og NRK.
Bergensartisten avsluttet den store valgdebatten på Festplassen i Bergen.