Hopp til innhold

Her står lastebåten bom fast

Ein lastebåt med sju personar ombord grunnstøytte i Vatlestraumen ved Bjorøy i natt.

Lastebåt grunnstøytte

GRUNNSTØYTTE: Den 80 meter lange lastebåten 'Vestvind' har gått på grunn i Vatlestraumen.

SISTE: Like før klokka 08.00 er lastebåten slept av grunn. Det skal ikkje vere hol i skråget.

Det er 80 meter lange "Vestvind" som har gått på grunn i Vatlestraumen. Hovudredningssentralen fekk melding om grunnstøytinga klokka 04.42.

Redningsskøyte og kystvakt er på staden for å dra den av grunnen og ifølgje politiet er det ingen personar som har kome til skade i grunnstøytinga.

Kapteinen har forklart til Hovedredningssentralen at dei gjekk på grunn i sakte fart.

Grunnstøyttinga skjedde rett ved staden der Rocknes gjekk på grunn i Vatlestraumen 19. januar 2004.

– Det er ingen vasslekkasjar eller oljelekkasjar. Den står rett og slutt på grunn, fortel vakthavande Asbjørn Viste ved Hovedredningssentralen.

Stod bom fast

Han fortel at mannskapet på lastebåten har forklart at dei vart «skyvd» på grunn av den sterke straumen.

– Dei har nok ikkje hatt nok fart. No jobbar vi med å få den av grunn, men det fjærar så det blir vanskelegare og vanskelegare.

Om det ikkje lukkast å få lastebåten av grunn no, vil dei venta til det blir flo klokka 13.30 i ettermiddag.

(Artikkelen held fram under biletet)

Lastebåt

Det er 80 meter lange 'Vestvind' som har gått på grunn i Vatlestraumen.

Foto: Redningsskøyten

Har forsøkt å trekke den

Like før klokka 06.00 prøvde Redningsskøyten å trekke lastebåten av med ei trekkraft på 20 tonn.

– Båten rikka seg ikkje, den står for hardt på grunn, seier skipper på Redningsskøyten, Jørn Arve Pedersen.

– Me kalla opp kystvaktskipet «Tor», dei gjorde eit forsøk med trekkraft på 30 tonn, men heller ikkje då rikka båten på seg, fortel Pedersen.

Sterk straum truleg årsaka

Planen var å sende inn dykkarar før det skulle gjerast eit nytt forsøk på å trekke båten, men sterk straum i området gjer at det ikkje lar seg gjere.

– Me skulle gjere eit dykk for å få avdekka kor hardt lastebåten står på baugen og for å sjå om det kan vere lekkasje. Dette lar seg ikkje gjere så det blir no sendt inn ein miniubåt.

Den sterke straumen er mest truleg også årsaka til at lastebåten grunnstøytte, ifølgje Hovedredningssentralen.

Politiet seier dei har fortløpande kontakt med HRS, som koordinerer aksjonen. Førebels vil ikkje politiet gjennomføre seg noko, fortel Kjersti Eidsnes ved Hordaland politidistrikt.

Årsaka til grunnstøyttinga er førebels ikkje kjent, men det er førebels ikkje mistanke om promille.

skjermdump

Lastebåten kom sørfrå før den grunnstøytte.

Foto: Skjermdump/Marine traffic