Hopp til innhold

Larver skal ete restavfall for så å bli fiskefôr

ULLENSVANG (NRK): Eit nytt prosjekt skal få mjølbillelarver til å ete restavfall. Deretter skal larvene bli til fôr for fisk i oppdrettsanlegg.

Mjølbillelarver skal bli fiskemat

PROTEINHALDIGE: Desse mjølbillelarvene er med i eit nytt prosjekt. Dei skal ete restavfall og bli til proteinrikt fiskefôr.

Foto: Tale Hauso / NRK

På Norsk Institutt for Bioøkonomi (NIBIO) i Ullensvang vrimlar det av feite mjølbillelarver. Lite anar dei om at dei snart skal bli til fiskemat.

– Dette er ein vinn-vinn situasjon – der larver kan vera med å gjere matavfall til ein verdifull ressurs, seier Gunnhild Jåstad ved NIBIO Ullensvang.

Larvane på instituttet veltar seg nemleg i havregryn, potetrestar og anna matavfall. Målet er å finne ut kva dei likar best.

Meir miljøvennleg

Eit nytt samarbeid mellom NIBIO og Nasjonalt institutt for ernærings- og sjømatforskning (NIFES) skal rett og slett ale opp larvar på restavfall. Deretter skal larvane bli til mat for fisk i oppdrettsanlegg.

– Vi kjem til å få store problem med handtering av restavfall og matavfall framover. I tillegg vil det bli utfordrande å produsere nok fiskefôr, forklarar Jåstad.

I dag vert nemleg soya som vert nytta til dyrefôr importert frå Sør-Amerika. Dette er både dyrt og lite miljøvennleg.

– Larvene kan gjere om matavfall til fiskefôr. Dei kan ete restavfall og fiskane kan ete dei. I tillegg frigjer ein område som heller kan bli nytta til å produsere menneskemat, seier Jåstad.

Skal få brød og pizza

Jåstad fortel at sjølv om det i første omgang er snakk om mat til fisk, kan larvane med tida også bli nytta til mat til andre dyr.

– No jobbar vi med å finne ut kva larvene likar best. Så vi vil teste mat som vert kasta frå butikkar og næringsmiddelindustri, som til dømes brød og pizza. Etter kvart kan vi kanskje utvikle larver for mat til kylling, sauer og kyr.

Gunnhild Jåstad i NIBIO Ullensvang

POSITIV: Gunnhild Jåstad ved NIBIO i Ullensvang trur larvene kan gjere det stort i framtida. – Etter kvart kan dei kanskje nyttast til menneskemat, seier ho.

Foto: Tale Hauso / NRK

Larveburger kan bli aktuelt

Mellombels trivst larvane i eskene på instituttet. Dei et det meste dei får, og Jåstad er usikker på kva dei likar best – og minst.

– Eg veit berre at dei ikkje likar å ha det for vått, så eg trur til dømes ikkje at dei vil like våt kaffigrut.

Jåstad forklarar at det vil bli problem med for lite protein i kjøtet på jorda etter kvart som talet på menneske aukar.

– Då må me kanskje ete larveburger og larvebrød. Men i første omgang er det berre snakk om larver til fisk, forsikrar ho.

– Insekt er ei viktig råvare

Kommunikasjonsdirektør i Sjømat Norge, Are Kvistad er positiv til prosjektet.

– Fôrbransjen er alltid på jakt etter nye råvarer, og for fisk er det nyttig med insekt. Ein nyttar jo til dømes fluer til å fiske med.

Han trekk fram at insekt er proteinrike, og meiner det er sannsynleg at dette kan bli ei viktig fôrråvare i framtida.

– I tillegg jobbar bransjen med å utnytte havet på ein betre måte. Vi ynskjer til dømes å produsere algar i større skala, for saman med dei proteinrike insekta vil dette skape eit fôr som også er rikt på omega 3.