Hopp til innhold

Kilometerlange køar i Åsane

Køane nordover på E39 var rundt ein mil lange etter ulukka tidlegare i dag.

Køar Åsane

LANGE KØAR: Trafikken står nordover på motorvegen mot Åsane.

Foto: Sindre Øye Helgheim / NRK

E39 vart stengt ved avkøyrsla til Steinestøvegen, då ei bubil og ein lastebil frontkolliderte tidlegare i dag.

Ein person mista livet i ulukka, medan ein mann og ei kvinne er innlagd på Haukeland sjukehus med høvesvis kritiske og alvorlege skader.

Kø frå Fløyfjellstunnelen

Politiet har gjort undersøkingar på ulukkesstaden. Lenge var berre eitt felt opent, men klokka 16.13 var E39 igjen opna for normal trafikk.

– Det er framleis lange køar frå Bergen og nordover. Det vil nok vera slik ei god stund framover, er beskjeden frå Vegtrafikksentralen.

Dei opplyser om at køane startar ved Glaskartunnelen på motorvegen til Åsane, men det har også kome tips om at køane byrjar allereie i Fløyfjellstunnelen.

Vegtrafikksentralen ber folk vera tolmodige.

– Trafikken flyt betre

Klokka 17.00 kjem det meldingar om at det også går svært sakte frå rundkøyringa i Vågsbotn og mot Arna på E16.

I tillegg vart Risnestunnelen på E16 mellom Trengereid og Arna stengt, grunna ein leidning som hang ned frå taket. Også i Grimesvingane er det redusert framkomst grunna bilberging.

Klokka 18.00 seier Vegtrafikksentralen at trafikken i Bergen nord glir betre.

– Det flyt mykje betre no enn tidlegare på motorvegen mot Åsane, seier trafikkoperatør Anna Norheim.

Når det gjeld E16 frå Arna til Trengereid, kan personbilar køyra gamlevegen.

– Vi ventar på ein lift som skal ordne den lause leidninga i Risnestunnelen.

E16 opent

Like før klokka 19.00 melder Vegtrafikksentralen at det er opent att på E16.