NRK Meny
Normal

Lange køar på Flesland

Det har vore lang ventetid for reisande på Bergen lufthavn Flesland sundag ettermiddag.

flesland

KØ TIL UTGANGEN: Sundag ettermiddag går køen gjennom heile avgangshallen på Bergen Lufthavn Flesland.

Foto: Elisabeth Strand Mølster / NRK

– Det er veldig mange som reiser i dag etter langhelg. Det er nok det som er årsaka til dei lange køane, seier lufthamnsjef Aslak Sverdrup.

Han legg til at det ei periode var tekniske problem på bagasjebåndet.

– Bagasjebåndet var rett og slett overbelasta. Men alt skal vere i orden no, seier Sverdrup.

Sjølv om alt av sluser er opne i innsjekken, oppfordrar Sverdrup reisande til å møte opp på flyplassen i god tid før avreise.

– I dag er det viktig å vere ute i god tid. Det er veldig mykje folk her i dag. Mange skal skal heim etter langhelg.

Laster Twitter-innhold

Siste video

Programleder: Mariann Reikerås
Steffen Lie Skålevik etter 2-2 mot Tromsdalen