NRK Meny
Normal

– Det verste er nok over no

På E16 har det vore lange køar medan Hardangervidda har opna for kolonnekøyring etter eit trafikkuhell. Vi følgjer påskeutfarten i Hordaland.

Kø på E16 ved Osterøybrua

SAAAAAAKTE ...: Her frå E16 ved Osterøybrua.

Foto: Mariann Reikerås / NRK

– Det verste er nok over no, seier trafikkoperatør Lise Kristoffersen ved Vegtrafikksentralen.

I ettermiddag har dei følgt nøye med på påskeutfarten i fylket, og tidvis har dei hatt mykje å gjera.

På E16 mellom Bergen og Trengereid har det vore lange, saktegåande køar. I lengre periodar har det også stått heilt stille.

– Men no ser det ut som det har løyst seg opp, og no går det meir som normalt att, seier Kristoffersen.

Tre timar ventetid

I formiddag var det lang ventetid for å komme med i kolonnekøyringa på riksveg 7 over Hardangervidda. Enno verre vart det då åtte bilar hamna i ein kjedekollisjon i kolonnen.

Dermed vart fjellovergangen heilt stengt i fleire timar. Klokka 18.00 opna den for kolonnekøyring igjen.

– Vi har akkurat fått vite at det no er kring tre timars ventetid på riksveg 7, seier Kristoffersen.

Mot normalt att

Kø har det også vore sørover i Hordaland. På E39 ved ferjekaien på Halhjem var det lenge kring 30 minuttars ventetid. Også der flyt det mykje betre no.

Opne fjellovergangar

På fv. 50 Hol–Aurland, E16 over Filefjell, riksveg 52 over Hemsedal og E134 er det opent på alle fjellovergangane.

Har du tips eller bilete frå trafikken, tips oss gjerne på telefon 03030 eller vår trafikktelefon 55 275 700.