Labradoren Irja er straks klar til å bli den første besøkshunden på Bømlo.
Ho klar for testoppdrag på Bømlo bu- og helsesenter. Sjølv om labradoren er kursa for dette, er matmor Elin Karin Katla Ellingsen litt spent.
– Eg ser ho er litt annleis no enn når me var og trente. Men me har med godbitar.
Interessa for Irja er overveldande. Inger Hansine Nilsen er heilt oppslukt. Ingen tvil om at hunden kan vera mennesket sin beste ven.
– Det er verkeleg ein flott hund, seier Nilsen.
Venteliste
Besøksvenn med hund er ei utviding av Røde Kors si besøksteneste. Tilbodet starta opp tidlegare i år og er såleis heilt nytt.
– No er det venteliste på kursa, fortel Merete Berland, som koordinerer Hordaland Røde Kors si besøksteneste.
– Pågangen er stor, og den berre aukar. No til neste kurs har me fleire interesserte enn det er plassar til på kurset.
Og sjølv om det er venteliste no, vil Røde Kors setja opp kurs fortløpande.
– Ja, det er pågangen som bestemmer om me set opp nye kurs, og me ønsker å satsa vidare i 2016. Dette er absolutt ein aktivitet som er komme for å bli og som me ønsker å styrka. Det skaper glede blant bebuarane, dei gler seg til hunden kjem, seier Berland.
– Rørande
– Eg blir heilt rørt når eg ser fjesa deira, og kor glade og begeistra dei eldre blir, seier Ann Kristin Stensen.
Ho er leiar for besøkstenesta i Bømlo Røde Kors og gler seg over å ha fått besøkshund på øya.
– Det første eg ser når eg kjem inn er at alle smile. No er me heilt i startgropa, og eg håpar eg at hundeeigarar over heile øya melder seg på kurs.