Hopp til innhold

– Eg er landets stoltaste ordførar

Bergensordførar Trude Drevland jublar etter valresultatet i natt. No krev ho statsrådplass til byrådsleiar Monica Mæland og flest mogleg bergensarar inn i ei ny regjering.

Trude Drevland (H)

BLÅ FRAMTID: Bergensordførar Trude Drevland, her fotografert under partiets landsmøte i år, sa tysdag morgon at ho er sikker på at den nye, blå regjeringa vil henta mange politikarar frå Bergen og Vestlandet. Ordføraren gjekk langt i å krevje byrådsleiar Monica Mæland sentralt plassert.

Foto: Tomas Moss / Høgre

Det var ein opplagt ordførar som tysdag morgon let seg intervjua ved foten av Christian Michelsen-statuen på Festplassen i Bergen.

For i skuggen av ein bergensk statsminister, uttrykte Høgre-ordføraren stor glede over ein ny.

Eg er litt lei meg for at Monica Mæland truleg reiser til Oslo, det er det einaste eg tenker på i dag!

Trude Drevland (H)

– Dette tyder mykje! Ein skal jo ikkje ha urealistiske forventningar, men det har vi jo likevel no. Det går nok over, men vi trur absolutt på meir fokus på Vestlandet og Bergen i mykje større grad enn dei siste åra.

Sjølv om ho ikkje vil spekulera i moglege statsrådpostar, er Drevland viss på at Erna Solberg vil ta hand om Hordaland sine interesser.

– Eg veit at ho kjenner Bergen, ho kjenner Vestlandet. Ho veit kva vi treng, så eg trur alle her i fylket har grunn til å gle seg i dag.

– Får sjå kva ho presterer

Sigrid Larsson

SÅNN PASSE NØGD MED VALRESULTATET: Trass i byens første statsminister på 80 år, var det ingen stor feststemning i Bergens gater tysdag morgon. Sigrid Larsson anslo å vera omtrent sånn midt på treet glad for regjeringsskifte.

Foto: Renold Tennysen Christopher / NRK

For fjerde gong i historia, og for fyrste gong på 80 år, blir det altså ein statsminister frå Vestlandets hovudstad. Men bergensarane NRK.no møtte på gata tysdag morgon tok det stort sett med ro.

Sigrid Larsson røysta ikkje på valets blå vinnar, men var likevel glad for at vår neste statsminister truleg blir ein Vestlending.

Eg har tru på Erna Solberg som person, men det er verre med dei røvarane ho skal samarbeida med! Så no får vi venta og sjå kva det blir til.

Sigrid Larsson, veljar

–Eg er vel sånn 40–50 prosent glad i dag. Eg hadde håpa på eit anna resultat.

– Men uansett resultat, kva tenkjer du om at det blir ein bergensar ved roret?

– Eg har merka meg at det blir fleire bergensarar og Vestlendingar i rikspolitikken, og det synest eg er kjekt. At heile Noreg, ikkje berre Oslo, er representert. Og sjølvsagt, det er stas med statsminister til Bergen, sjølv om eg helst såg at det blei eit anna valresultat.

– Du er skeptisk, kvifor det?

– Eg vil sjå kva ho presterer. Eg har tru på ho som person, men politikken og samarbeidet ho skal få til med desse røvarane ho har fått med seg. Nei, vi får sjå!

Vemodig å mista Monica Mæland

Sjølv om det først og fremst var ein gledestrålande ordførar i Bergen som uttalte seg til NRK.no, uttrykte Trude Drevland òg litt vemod over å mista gode kollegaer til Oslo og regjeringskvartalet.

Trude Drevland om ny regjering

I SKUGGEN AV FORTIDA: Under Christian Michelsen-statuen på Festplassen jubla ein opplagt Bergensordførar over valresultatet, som viser eit blått fleirtal og dermed truleg Erna Solberg som landets neste statsminister.

Foto: Renold Tennysen Christopher / NRK

– Vi har så mange unge, gode, politiske talent at eg er sikker på at dei vil bli plukka frå oss og levert over til Oslo. Eg håpar inderleg vi blir tappa for gode folk, for å sei det slik, for vi har så mange bra folk at eg er viss på at det finst dei som kan overta.

Så legg ho til at dagens einaste skår i gleda trass alt er eit aldri så lite "gledesskår."

– Eg er litt lei meg for at Monica kanskje reiser, det er det einaste eg tenker på i dag!

Nektar å gi gode råd

Sjølv avviser Drevland på det aller sterkaste at ho sjølv drøymer eller har drøymt om ein statsrådpost i ei ny, blå koalisjonsregjering.

– Eg kunne slett ikkje tenkt meg å gå inn i regjering, for meg er det totalt uaktuelt å dra frå Bergen, punktum!

Og gode råd til partifellen som snart går i gang med å få den krevjande regjeringskabalen til å gå opp, vil ho heller ikkje gi.

– Det har eg lova meg sjølv at eg berre skal gi dersom Erna spør. Men det fortel eg iallfall ikkje til deg!