NRK Meny
Normal

Politisk kaos i masteland

Mastesaken i Hardanger gjer lokalvalget i Granvin til det mest uforutsigbare i landet.

Granvin-ordfører Jan Ivar Rødland

HØG TEMPERATUR: Fleire frå Hardangeraksjonen vart pågrepen av politiet etter demonstrasjon 7.juli. Ordførar Jan Ivar Rødland i Granvin seier han skjønar at folk har mistillit til politikarane.


Elles så oversiktlege Granvin er ikkje til å kjenna att. Mastesaka i Hardanger har ommøblert den elles så oversiktlege lokalpolitikken.

På handelslaget i bygda er dei fleste svært usikra på kva dei skal røysta. Fleire seier til NRK at dei vurderer å stemme blankt.

Frå 40 prosent til ingenting

Arbeidarpartiet som fekk 40 prosent av røystene for fire år sidan stiller ikkje til val i rein protest. Berre to av dei 13 representantane i heradstyret går for attval.

– Den saka har innverknad på vårt truverde som lokalpolitikarar, difor er det ikkje så rart at ei sånn sak innverkar også lokalt, seier avtroppande Ap-ordførar Knut Ivar Rødland. Heller ikkje han vågar å spå.

– Eg er veldig spent, seier Rødland.

Mastesaken har på ein måte øydelagt det politiske miljøet, i alle fall raspa det opp noko voldsomt.

Ingebjørg Winjum, Venstre

– Har raspa opp heile miljøet

Hadde alt vore normalt i senterpartibastionen kunne Martin Hamre vore relativt trygg på å overta som ordførar i vakumet - men han fryktar at mastespøkelset kan øydelegga for partiet. Trass i at deira lokallag har vore motstandarar av mastevedtaket til regjeringa.

– Sjølvsagt fryktar eg det, seier Hamre.

– Mastesaken har på ein måte øydelagt det politiske miljøet, i alle fall raspa det opp noko voldsomt, seier Ingebjørg Winjum frå Venstre.

Venstre kan bli joker

Mange NRK snakkar med meiner toppkandidaten til Venstre kan verta ein joker i kampen om ordførarvervet. Medan fleire assosierer Senterpartiet og SV til regjeringa sitt mastevedtak, har Winjum ryggen fri.

– Det skjønnar eg at folk kanskje tenkjer. Me ser på dette som ein sjanse til å få inn fleire, seier Winjum.

Morten Kjerland Dahle som me møter på handelslaget har bestemt seg for ein ting - det vert ikkje eit av regjeringspartia.

– Saken om mastene har mykje å seie. Eg har ikkje lyst til å stemme på regjeringspartia.

Politiet fjernar aksjonistar

Kampen fortsetter i Hardanger

Hardangermastene eit år forseinka

Demonstrantene: - Vi kommer tilbake