Hopp til innhold

Landås kyrkje vurderer å hjelpe flyktningar under ramadan

Mange av bebuarane på asylmottaket på Landås ikkje får tilbod om varm mat under fastemånaden ramadan – av omsyn til arbeidstida for dei tilsette. No vurderer Landås kyrkje å opna kjøkenet sitt for muslimane.

 fungerande sokneprest i Landås kyrkje, Rose-Marie Skarsten.

PREST: Fungerande sokneprest i Landås kyrkje, Rose-Marie Skarsten. Vil hjelpe muslimar med ramadan-feiring.

Foto: Anette Berentsen / NRK

Vanlegvis eit asylsøkarane i kantina på mottaket i gamle lærarhøgskulen på Landås, men under ramadan blir det annleis. Under fastemånaden skal muslimar ikkje eta frå soloppgang til solnedgang.

Difor må dei ete om natta, men då er kantina stengt.

– Vanlegvis feirar vi ramadan heime i husa våre. Då inviterer vi venner og familie. Men no er vi her utan alle slektningane, seier Majed Alaa Eddin. Han er ein av bebuarane på

Majed Alaa Eddin

FLYKTNING: Majed Alaa Eddin er glad for tilbodet.

Foto: Anette Berentsen / NRK

mottaket.

Han fortel at det er veldig bra om dei får ein stad dei kan lage mat og ete saman.

– Det er vanskeleg å gå gjennom store delar av døgnet utan mat, seier Eddin.

Handlar om gjestfridom

Men no vurderer Landås Kyrkje eit forslag som gjer det mogleg for muslimske flyktningar å feire høgtida.

Avtalen er ikkje signert enno, men handlar om at bebuarane på mottaket kan leige kjøkkenet i kyrkja under ramadan når kyrkjelyden sjølv ikkje treng lokala.

Saka er drøfta med både domprost og biskop, og diskutert i kyrkjelydsrådet.

– Vi ynskjer å gjere dette fordi vi meiner det handlar om gjestfridom og omsorg for menneske som er i ein vanskeleg livssituasjon, seier fungerande sokneprest i Landås kyrkje, Rose-Marie Skarsten.

Ho peikar på at bebuarane på mottaket jo er i ein vanskeleg situasjon.

Då mottaket kom i fjor oppretta kyrkjelyden eit eige flyktningeutval. Dei har organisert språkkafe i kyrkjelydssalen. Fleire gongar i veka kan flyktningane kome å få eit første møte med norsk språk.

Dei har også saman med andre aktørar hatt arrangement for bebuarane.

Ikkje religionsblanding

– Men er det statskyrkja si oppgåve å leggja tilhøva til rette for andre trussamfunn?

– Eg tenker at det aldri er gale å vere gjestfri med menneske som har det vanskeleg. Difor ønsker vi å leige ut kjøkkenet de dagane vi sjølv ikkje brukar lokalet, seier Skarsten.

Ho understrekar at det ikkje skal gå ut over andre aktivitetar som er i kyrkja, og at dei har mykje ledig kapasitet i sommarmånadene.

Presten understrekar også at det ikkje handlar om å blande religionar.

Kantine Landås Asylmottak

KANTINE: Arbeidstida til dei tilsette gjer at bebuarane ikkje får varm mat her om natta.

Foto: Anette Berentsen / NRK

– Når maten er laga vil muslimane gå til moskeen for å be, så vårt kyrkjerom vil ikkje bli brukt til bøn av muslimane.

– Ventar de reaksjonar frå kyrkjelyden?

– Vi tenkjer at somme kan synst det er vanskeleg, men da må vi berre forklare korleis me har tenkt det.

Fungerande sokneprest i Landås kyrkje, Rose-Marie Skarsten legg til at gjestfridom vanlegvis fører mykje godt med seg, og at ho trur dette kan bidra positivt i integreringa.