Hopp til innhold

Her stikk lam frå slaktebilen

Hell i uhell, tenkte kanskje dei krøllhåra drøvtyggjarane då dei rømde frå slaktebilen og til skogs etter ei trafikkulykke.

Ulykkesstad med sau

LAM I KRYSSET: Midt i Åsekrysset sprang det lam på kryss og tvers etter kollisjonen.

Foto: Sissel Rikheim / NRK

I føremiddag stod dyrebilen til Fatland ved Åsekrysset i Lindås og venta på John Ole Sandvik og tilhengaren med 13 lam som skulle vidare til slakt.

Då Sandvik blinka seg til venstre i krysset for å møte dyretransportsjåføren, køyrde ein buss inn i bilen bak, som deretter køyrde inn i hengaren til Sandvik.

– Plutseleg sprang det lam over alt, seier sauebonde John Ole Sandvik.

Stakk rett til skogs

Då måtte både saueeigarane og politiet trø til for å prøve å få tak i dei firbeinte igjen.

– Då eg kom ut av bilen såg eg at dei kom springande. Eg klarte å samla mange av dei, men framleis er seks av lamma på tur. Dei vart skremd av smellen og av utrykkingskøyretøy, så dei stakk rett til skogs, seier Sandvik.

Lam i skogen

TIL SKOGS: Lamma stakk rett til skogs, då dei kom seg ut av hengaren til saueeigar Britt Kari Sandvik.

Foto: Sissel Rikheim / NRK

Eit av lamma hadde knekt ein fot i samanstøyten, og måtte avlivast på staden av dyrlege. Sandvik er glad det gjekk så bra med dei andre lamma.

– Det var litt av ein smell, men lamma vi har fått tak i ser friske og raske ut.

Kortvarig lykke

Lamma vart oppbevart i ein tilhengar med sauekarm, og Sandvik seier at lastinga var forsvarleg. No er han glad for at det gjekk så bra.

Men for lamma blir dette ei kortvarig lykke, for Sandvik skal gjere eit nytt forsøk i morgon for å få tak i resten av lamma, og så skal dei etter kvart vidare til slakt.

– Dei pleier å like mjøl, så eg skal nok klare å lure dei med tilbake, seier Sandvik.

Lam på vegen

LAM RØMDE: Både saueeigarane og politiet måtte trø til for å prøve å få tak i dei firbeinte.

Foto: Sissel Rikheim / NRK