Hopp til innhold

Krasja på moped - ti år etter blei han lam

Som 16 åringen hadde Hein Anders Kvalheim eit uhell på lett motorsykkel. Det førte til lammelsar i beina og eit liv i rullestol. No kryssar han Noreg på tvers i fjernsynsserien Ingen grenser.

Hein Kvalheim

DELTAKAR I INGEN GRENSER: Hein Anders Kvalheim frå Bergen er ein av deltakarane i fjernsynsserien. Som 16-åring krasja han på moped, i dag er rullestolen den viktigaste reiskapen han har.

Foto: Adalheidur Oldeide / NRK

Eg skulle reise meg, men beina ville ikkje. Eg hadde lav fart, det var eigentleg ei filleulukke.

– Rullestolen min er den beste reiskapen eg har. Eg ser ikkje lenger på den som noko hinder, fortel Kvalheim.

Han er med på fjernsynsserien Ingen Grenser som går på TV2, der 11 deltakarar møter tøffe utfordringar i spektakulær norsk natur. Ingen av dei 11 deltakarane kjende kvarandre frå før, men ein ting har dei til felles. Dei har alle ei form for funksjonsnedsettelse.

Skada i MC-ulukke

Sjølv om Kvalheim i dag omtalar rullestolen som sin beste reiskap har vegen dit vore lang. Han var 16 år då han hadde det han sjølv kalla for eit uskuldig fall på lett motorsykkel.

– Det var ettermiddag og eg køyrde ned hovudvegen heime langs eit fortau. På veg nedover kom eg bort i ei dame med spegelen min slik at eg mista styringa, og hamna i grøfta. Eg hadde lav fart, det var ei filleulukke, fortel han.

Han fortel at han huska at han tenkte det var noko alvorleg gale med ein gong.

– Eg skulle reise meg, men beina ville ikkje, seier Kvalheim.

Eit halvt år på sjukehus

Hein Kvalheim

HEIN KVALHEIM: Bilete er teke rett før ulukka då han var 16 år.

Foto: Privat

Kvalheim låg på sjukehus eit halvt år etter ulukka. Ryggmargen hadde fått sjokk og ein stor skade, men gradvis fekk han førligheita i beina tilbake.

– Når eg kom heim til jul i 1983 gjekk eg ut av flyet utan hjelpemidlar. Då følte eg meg heldig, seier Ingen Grenser-deltakaren.

Mange år seinare skjedde det ingen hadde venta.

– Då eg var 24 år byrja eg å snuble litt når eg gjekk og eg hadde ikkje så god balanse lenger.

Han hadde fått det legane trudde var ein huleromdannelse i ryggen og alt vart snutt opp ned. Etter kort tid hadde Kvalheim mista så mykje av førligheita i beina at han måtte ha rullestol. Den har han hatt sidan.

30 dagar med stålvilje

Med utgangspunkt i Bergen går årets sesong av Ingen Grenser til Finse og med Hardangerjøkulen som mål. Det er Oddbjørn Hjelmeset som er programleiar og tek dei 11 deltakarane med seg på tur i 30 dagar.

Grunnen til at Kvalheim melde seg på Ingen Grenser var fordi han ville ha nye utfordringar og bli kjend med nye menneske. Han hadde ikkje sett den første sesongen, men hadde to vener som var deltakarar.

– Eg snakka med dei og dei fortalde om korleis det var å vere med. Dette måtte eg berre melde meg på, seier han.

– Tyngre enn eg hadde trudd

Kvalheim fortel om ei enorm fysisk utfordring i Ingen Grenser. Av dei andre i gruppa blei han ofte omtalt som den positive i gruppa og den personen som løfta dei andre opp.

– Det var fysisk krevjande. Mykje meir enn eg hadde trudd. Eg hadde ikkje forventa nokon sundagstur, men det var tyngre enn eg hadde trudd, seier Kvalheim.

Han fortel at deltakarane ofte la seg våte, og stod opp våte. Og utan tilgang til telefon, sakna han raskt dei heime.

– Eg sakna aldri å sjekke e-post eller å surfe på nettet, men å ikkje kunne prate med familien var vanskeleg. Eg skulle gjerne ha prata med kona mi, og sjølvsagt borna våre. Men Ingen Grenser er ei oppleving eg aldri ville ha vore forutan, seier Kvalheim.