Laksevirus ved anlegg i Fusa

Den smittsame virussjukdommen ILA (infeksiøs lakseanemi) er påvist på eit oppdrettsanlegg i Fusa, melder Mattilsynet. Anlegget ligg på Altaneset og vert driven av Bolaks AS. – Alle aktørar som er knytt til fiskeoppdrett eller andre som ferdast i området må vise nødvendig aktsemd slik at spreiing av sjukdommen vert unngått, skriv Mattilsynet.