Totalt er det samla inn 10 millionar kroner til forskingsprosjektet, som skal kartlegge forholdet mellom oppdrettslaks og villaks.
Vil «frikjenne» oppdrettarane
- Målet er å hindre at lusen spreier seg, det seier Hans Inge Algerøy i Vestnorsk Havbrukslag. Han seier næringa håper forskinga kan frikjenne dei for skuldingane om at oppdretterane er skuld i at det blir stadig færre villaks.
Oppdrettsnæringa har lenge blitt kritisert for å gjere for lite for å verne om villaksen. Algerøy legg ikkje skjul på at dei håper forskinga langt på veg kan frikjenne dei frå skuldingane.
Spørsmål utan svar
Korleis spreier lakselusa seg? Kva kjenneteiknar område med stor konsentrasjon av lakselus? Og kva kan gjerast for å sikre at villaksen ikkje blir smitta? Dette er nokre av spørsmåla forskargruppa skal finne svar på i løpet av dei neste tre åra.
Prosjektet er finansiert av ei rekkje forskingsinstiusjonar i Norge og utlandet - i tillegg til havbruksnæringa. Hans Inge Algerøy som sit i styringsgruppa for prosjektet, meiner arbeidet er svært viktig.