Hopp til innhold

Laks tar rotta på høgt blodtrykk

Forskarar har gitt laks til tjukke rotter, og fått oppsiktsvekkjande resultat.

Rotte på Universitetet i Bergen

FÅR BETRE HELSE: Når overvektige rotter et laks, sluttar blodtrykket å stige.

Foto: Aslaug Drotningsvik

– Eg vart veldig overraska at laksen var så effektiv på blodtrykket, seier forskar Oddrun Anita Gudbrandsen.

Ved Klinisk Institutt på Universitetet i Bergen har dei ved hjelp av rotter forska på fedme og blodtrykksauke. Gudbrandsen og fleire andre forskarar har den siste tida gitt overvektige rotter laks.

Forsøka har vist at laks kan hindra høgare blodtrykk om du går opp i vekt.

– Etter kvart som rottene blir tjukkare så får dei høgare blodtrykk, og det er akkurat det same som hos oss menneske, seier ho.

Skal finne ut om det er likt for mennesker

Men når rottene får laks stig ikkje blodtrykket meir.

– Då ser vi at blodtrykket ikkje aukar i det heile. Det går ikkje ned, men det går ikkje opp heller, fortel Gudbrandsen.

Oddrun Anita Gudbrandsen

– OVERRASKA: – Eg vart veldig overraska at laks var så effektiv på blodtrykket, seier forskar Oddrun Anita Gudbrandsen.

Foto: Espen Hatlestad / NRK

Resultata er dei same om rottene får rå laks eller bakt laks.

Ein milliard menneske på jorda har for høgt blodtrykk. Det er ikkje ein sjukdom i seg sjølv, men hardt for hjartet. Det kan på lang sikt gje hjerneslag og hjarteinfarkt.

– Kan desse resultata overførast til menneske?

– Det veit vi ikkje, men det er det vi må teste ut, seier Gudbrandsen.

Leiar Mari-Mette Graff i Landsforeningen for overvektige meiner studien stadfestar velkjend kunnskap om at det er lurt å ete fisk.

– Det er ikkje så overraskande at laks og anna fisk er sunt. Men viss vi skal tenke folkehelse og forebygge fedme, må vi tenke på balanse i kosthaldet. Det er ikkje ei løysing å pøse ukritisk på med fisk i tillegg til det ein et frå før.

– Spennende med hypoteser

Kostrådet frå Helsedirektoratet er å ete totalt 300–450 gram rein fisk i veka, og at minst 200 gram bør vera feit fisk som laks, aure, makrell eller sild (sjå ekstern lenke).

Direktoratet viser ikkje konkret til effekt på blodtrykket. Dei baserer rådet om fisk på nasjonal og internasjonal forsking som konkluderer med at:

  • «inntak av fisk, fiskeolje og lange flerumettede omega-3-fettsyrer (EPA, DHA) kan redusere risikoen for død av hjertesykdom,» og
  • «bytter du ut mettede fettsyrer med flerumettede fettsyrer kan du redusere risikoen for koronar hjertesykdom som hjertesvikt.»
    Linda Granlund

    SER PÅ HEILHEITA: – Enkeltstudier kan vere spennande og gi nye hypoteser, men vi baserer kosthaldsråda våre på rundt to millionar studiar, seier divisjonsdirektør Linda Granlund i Helsedirektoratet.

    Foto: Rebecca Ravneberg / Folkehelseinstituttet

Divisjonsdirektør Linda Granlund i Helsedirektoratet seier til NRK at ho ikkje kan kommentere rottestudien ved Universitetet i Bergen spesielt.

– Når vi lagar kosthaldsråda våre, ser vi på rundt to millionar originalartiklar, kunnskapsoppsummeringar og samleartiklar. Enkeltstudier kan vere spennande og gi nye hypoteser, men det er først når vi har ei stor mengde studier som peikar i same retning at vi gjer noko med kunnskapsgrunnlaget vårt.

Ho viser til at det er svært godt kjent at det er store helsefordelar ved å ete fisk generelt og laks og annan feit fisk spesielt.

– Stor forskjell med og utan laks

Dei overvektige rottene i laboratoriet på Universitetet i Bergen er brukt av fleire forskingsgrupper som modellar på fedme hos menneske.

Fedme

LAKS VED FEDME: Laks viser seg å halda blodtrykket til tjukke rotter i sjakk.

Foto: JEFF HAYNES / AFP

– Kor stor forskjell er det på blodtrykket hos rottene som har fått laks og dei som ikkje har fått?

– Det er veldig stor forskjell. Eg vart veldig overraska over at laksen var så effektiv på blodtrykket, seier forskaren.

Gudbrandsen spør seg om det kan vera noko med proteinane i laksen som verkar mot høgt blodtrykk. Ho har sett litt av same effekten når dei nyttar fiskeprotein som er heilt fri for fett.

– Kan ein slanke seg og få blodtrykket ned, for så å byrje å ete laks for å unngå høgt blodtrykk igjen?

– Ja, om du har tenkt å gå opp igjen i vekt og er ei rotte, så kan det vere lurt å ete laks, seier forskar Oddrun Anita Gudbrandsen.