Samtidig er det færre som vil bli adoptivforeldre.
I 1970 vart 61 born adoptert frå utlandet. I 2002 kom det nesten 800 adoptivborn til Noreg.
Det er også første gong på 20 år at Kina ikkje er det største adopsjonslandet i nokon av dei norske adopsjonsforeiningane, skriv Dagen.
Fleire forklaringar
Nedgangen i adopsjonstala har fleire forklaringar:
Auka nasjonal adopsjon, strammare reglar frå adopsjonslanda og lengre ventetid. Det har også vore internasjonal politisk uro rundt adopsjon.
– Det er færre born som treng ein ny heim frå dei landa vi tradisjonelt adopterer frå. I tillegg er det fleire land som adopterer, som Italia, Frankrike og Spania, seier Helge Solberg i Verdens Barn til Dagen.
Dei fleste borna kjem frå Colombia, Chile, Sør-Afrika, Ungarn og Kina.
Må venta over fire år
Den gjennomsnittlege ventetida er no på over fire år frå ein familie søkjer til dei kjem heim med barnet. Stadig færre søkjer no om å få adoptere born.
– Det har vore ei halvering i søkjarar dei siste tre, fire åra. Fram til for eit par år sidan hadde vi mellom 1.000 og 1.200 familiar ein stad i søknadsprosessen. I dag er vi nede i 500, seier Fredrik Nordby, leiar for administrasjonen i Adopsjonsforum.
Sidan 1969 er nesten 20.000 born adoptert frå utlandet til Noreg.