NRK Meny
Normal

Lagar verdas beste gin med blomar frå Vestlandet

BERGEN (NRK): Stig Bareksten lagar gin med blomar og bær som han finn langs vestlandske vegar. Året etter oppstarten vann ginen hans dobbelt gull i San Francisco.

Stig Bareksten heller gin

MANUELT: Det meste blir gjort for hand under produksjonen av det som er blitt kåra til verdas beste gin.

Foto: John Nøstdal / NRK

– Du berre stoppar på eit busstopp, og så har du ein dei viktigaste ingrediensane til produktet eg lagar, seier Stig Bareksten.

Folk som køyrer forbi han tenker nok sitt. Men mannen som står med hovudet planta i ein busk ved eit busstopp er faktisk «verdsmeister» i gin.

I mai vann ginen hans dobbelt gull i San Francisco World Spirits Competition, det årlege uoffisielle verdsmeisterskapet i brennevin.

Ginen er laga med ingrediensar han stort sett finn langs vegane i Bergen.

Stig Bareksten plukkar blomar

SANKING: Dei fleste ingrediensane til Botanical Gin plukkar Stig Bareksten sjølv.

Foto: John Nøstdal / NRK

Plukka blomar på motorvegen

Bareksten er sjefsdestillatør på mikrobrenneriet Oss Craft Distillery. I dag har det bergenske brenneriet fire tilsette. Det blei stifta i 2014, men produksjonen starta i mai i fjor, berre eitt år før ginen deira blei kåra til verdas beste.

Bareksten fortel at sommaren betyr mykje venting på at forskjellige ingrediensar skal blomstra.

– Men det kjennest godt å gjera all plukkinga sjølv. 19 av dei 26 ingrediensane er viltvekstar som eg samlar inn.

I fjor sleit han med å få tak i nok av nyperose, men då han var ute på biltur kom han over mykje av det i Ryenkrysset i Oslo.

– Eg stod i motorvegen og plukka kilovis på eit par timar. Det var nok til heile produksjonen i fjor.

Blomar i gin-produksjon

UNIKT: Ginen blir laga av til saman 26 ingrediensar, 19 av desse blir plukka på Vestlandet.

Foto: John Nøstdal / NRK

Utvidar i sommar

Det meste på brenneriet blir gjort manuelt. Berre i år kan det bli tappa 70.000 liter gin på dei karakteristiske svarte flaskene. Bareksten meiner at ginen deira er forholdsvis tradisjonell.

– Men det blir brukt ein del blomar, og så bruker eg blåbær og tytebær. Det gir ein munnfølelse som gin vanlegvis ikkje har.

Bareksten fortel at salet går veldig bra i Noreg, Danmark og Sverige. Totalt sel brenneriet rundt 1000 flasker i veka, og i august startar eksporten til Storbritannia og USA. Då vil ginen deira vera tilgjengeleg i sju land.

Tankekart til gin-produksjon

TEIKNAR SEG FRAM: Det blir ofte mange bobler i gin-tankekarta til Bareksten.

Foto: Sigurd Hamre / NRK

– Eit eventyr

Den internasjonale suksessen kom brått på, fortel ein av fabrikkeigarane Hans Bru.

– Det å starta opp på Vestlandet, her i Bergen, og laga verdas beste gin. Det er eit eventyr i seg sjølv.

Bareksten trur at mykje av suksessen skuldast ei heilt spesiell marknadsføring. Han har sjølv stilt opp som modell i dei bergenske skogar på kveldstid.

– Eg har laga eit produkt som har eit mørkt ytre, og det representerer liksom folkesjela vår. Me er jo eit litt mørkt folkeslag, som er litt innovervende.

Ole Warberg, som er direktør i Bergen Reiselivslag, trur at det ligg noko i dette.

– Folk er opptatt av særpreg og gode opplevingar. Får dei ei god historie og får høyra korleis desse tinga blir produsert, er det positivt.

Stig Bareksten viser fram Bareksten Botanical Gin

SPESIELL FLASKE: Bareksten speler på det mørke i promoteringa av ginen.

Foto: John Nøstdal / NRK

Siste video

Som ventet ble det omrokkeringer i Regjeringen i dag.
Slik ser det ut i våre nye lokaler.
Programleder: Marte Rommetveit