Hopp til innhold

Grytten gir ut Twitter-bok

Gjennom historiar på berre 140 teikn skriv Frode Grytten om dei store tinga i livet i boka «Vente på fuglen».

Frode Grytten

TWITTER-BOK: Dei beste twittermeldingane til Grytten blir bok.

Foto: Roald, Berit / NTB scanpix

Over 30.000 følgjer Frode Grytten på Twitter. For vel eit år sidan slutta plutseleg Grytten å poste sine små kvardagshistoriar om kjærleik, tap og SK Brann.

– Twitter var nede den kvelden. Eg hadde ein tweet eg var klar for å legge ut, men det gjekk ikkje, fortel Grytten.

Tok for mykje tid

Kvar einaste dag sidan 14. desember 2011 kom minifortellingane frå Grytten til stor glede for mange av følgjarane hans.

– Eg hadde bestemt meg for at eg skulle tvitre ein tweet kvar dag, men rekka blei brutt den kvelden. Om ikkje Twitter hadde vore nede, kan det god hende eg hadde holdt på endå. Men eg var litt lei også. Det tok for mykje tid, seier Grytten.

– Så det ligg eit par twittermeldingar som følgjarane dine ikkje har fått sjå?

– Hehe. Ja. Det gjer det.

Laster Twitter-innhold

«Vente på fuglen»

No får også dei utan ein Twitter-konto mogelegheit til å lese Grytten sine småhistorier. 4. august er boka «Vente på fuglen» på plass i hyllene.

Saman med Kagge forlag har Grytten valt ut dei beste twittermeldingane, og samla dei mellom to permar. At det skulle bli bok av Twitter-kontoen hans ante han ikkje då han skreiv si første melding.

– Eigentleg synest eg det var fint å ha noko som berre fanst på internett for dei som gadd å lese det, men eg synest Kagge sine idear kunne forsvare å lage ei bok av det, fortel Grytten.

Glad i det kvardagslege

Det er fleire tema som går att i twittermeldingane til Grytten. Kjærleiken, nederlag og familielivet er nokre av dei, men størst av alt er kvardagen.

– Eg er på eit vis glad i kvardagane og vanlege folk, fortel Grytten.

Så langt ser han på det ekstraordinære i ordinære liv som ein raud tråd i forfattarskapen hans.

– I den tida vi lever så er dette eit gløymt område, nærast eit tabu. Vi dyrkar berre overskridelsane.Vanlege liv blir sett på med eit litt overberande og nedlatande blikk, meiner Grytten.

Laster Twitter-innhold

Twitter kan vere brutalt

– Når du gir ut ei bok kjem kritikken over eit par veker, gjennom aviser og liknande. På Twitter kjem alt med ein gong. Utan noko filter.

Twitter kan rett og slett vere brutalt. Berre sekund etter meldinga er ute, er du fritt vilt både på godt og vondt.

– Eg trur kanskje det er noko av grunnen til at mange forfattarar held seg vekke frå Twitter også, seier Grytten.

Men han utelukkar likevel ikkje at han ein gong vil kome tilbake på Twitter.

– Det kan skje om eg finn ein måte å gjere på det. Eg tenkjer på det ofte, men eg har ikkje funne ut av det endå, seier Grytten.

Fotball

Fotball er eit tema som er smått for nokre, men stort for andre. Favorittlaget til Grytten, SK Brann, er eit tema han ofte vandrar innom.

– Årsaka er at Brann er så hjelpelause. Når det går bra så blir du litt overraska, men stort sett så går det dårleg, fortel Grytten.

– Eg har alltid hatt Brann som favorittlag, og det går ikkje an å kvitte seg med. Sjølv om du blir heilt matt, seier Grytten.

Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold