Hopp til innhold

Lærarmangelen: – Meir alvorleg enn vi er klar over

Medan behovet for lærarar aukar, sluttar mange nyutdanna etter få år i skulen. Stort skjemavelde og tøff start på lærarlivet får skulda.

Elevar ved Hop ungdomsskule har matteprøve

Ifølge Utdanningsforbundet sluttar kvar tredje lærar i yrket før det har gått fem år. Professor meiner rettleiing og oppfølging må til.

Foto: Alrik Velsvik / NRK

Ifølge Utdanningsforbundet sluttar kvar tredje lærar i yrket før det har gått fem år. Samstundes veks behovet for nye lærarar i åra som kjem. Statistisk sentralbyrå har rekna seg fram til at det i 2020 vil mangle over 11 000 lærarar.

Professor Kari Smith ved NTNU i Trondheim har sagt at det vil mangla over 20 000 lærarar i 2020.

– Situasjonen er meir alvorleg enn vi verkeleg er klar over, seier Smith til NRK.

Får klassane ingen vil ha

Professor Kari Smith ved NTNU

Professor Kari Smith ved NTNU i Trondheim.

Foto: NRK

Ho har forska på kvifor mange nyutdanna vel å slutta i etter få år i jobben, og peikar på at mange får eit tøft møte med arbeidslivet.

– Det er veldig mange som får jobb på tampen av sommarferien eller heilt i byrjinga av skuleåret. Då får dei ofte klassane som ingen vil ha, eller gruppene som står igjen, forklarer Smith.

Ho syner også til dokumentasjonskravet og tida lærarar brukar på å fylle ut skjema som ein viktig årsak til at mange droppar ut.

Utdanningsforbundet er samde og meiner skjemaveldet i skulen har vakse seg for stort.

– Alt som kan målast skal målast. Det er heilårsrapportar, delrapportar og vekeplanar. Det pedagogiske arbeidet går med til å skrive planer, seier nestleiar Mildrid Kronborg Økland i Utdanningsforbundet Hordaland.

Lærar Mathias Dahl Ellingsen ved Hop ungdomsskule

Mathias Dahl Ellingsen har vore lærar i eit halvt års tid. Han har ingen planar om å slutta, men forstår at yrket blir for slitsamt for mange.

Foto: Jon Peder Horn Opsahl / NRK

– Tida strekk ikkje til

Akkurat det kan tidlegare lærar, no organist, Hermund Rebnord skriva under på. Etter fleire år i skulen fekk han rett og slett nok.

– Tidspresset er blitt veldig stort. Arbeidsoppgåvene blir fleire, og ein føler ein ikkje får gjort den jobben ein ønskjer å få gjort.

I eit klasserom på Hop i Bergen, er nyutdanna Mathias Dahl Ellingsen i ein heilt anna situasjon. Han har vore lærar i eit halvårs tid, og trivst førebels godt.

– Det mest slitsame er alt utanfor klasserommet. Både planlegging, retting, vurdering, oppfølging og samtalar med heimen. Det er absolutt nok å henga fingrane i, seier Dahl Ellingsen.

Meiner nyutdanna må få rettleiing

I januar skreiv Aftenposten at fleire søkjer seg til å bli lærarar og sjukepleiarar. Oljekrisa gjer at ungdommen ser til tryggare jobbar. Samstundes er det stor uro over nye kompetansekrav til dei som allereie er lærarar.

At fleire vil bli lærar hjelp ikkje om dei uansett forsvinn etter kort tid i yrket. Smith meiner rettleiing og oppfølging må til.

– For nyutdanna må vi få på plass ei god rettleiingsordning, der lærarane kan snakke med nokon om det som er vanskeleg. I tillegg bør nye lærarar få undervise i dei faga dei kan, og dei bør heller ikkje få dei vanskelegaste klassane.