Det er leiinga i Hordaland fylkeskommune som dei siste åra har behandla ti saker som dreier seg om seksuell trakassering.
Sakene handlar om trakassering mellom tilsette, men også mellom tilsette og elevar. Fleire lærarar har fått sparken.
– Det er sjokkerande. Som lærar sjølv meiner eg det er total uakseptabel åtferd, seier fylkespolitikar Alexander Fosse Andersen (Sp).
– Har eit ansvar for å vurdera oss sjølve
Andersen etterlyste i fylkestinget denne veka ei oversikt over omfanget av seksuell trakassering i fylkeskommunen.
Etter at «metoo»-kampanjen starta i USA, har norske kvinner fortalt om seksuell trakassering i mellom anna politikken og underhaldnings- og mediebransjen.
– Omfanget i samfunnet elles er så graverande at me som politikarar har eit ansvar for kartlegga korleis stoda er hos oss, meiner Andersen.
«Ikkje akseptable forhold»
Fylkeskommunen har mellom anna ansvaret for vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport. I Hordaland har over 4500 personar fylkeskommunen som sin arbeidsplass.
Nokre av sakene som har vore under behandling dei siste fem åra, strekker seg 10–15 år tilbake i tid.
Blant tilfella er det fleire episodar der lærarar i vidaregåande skule har utøvd upassande seksuell oppførsel overfor elevar og seinare fått sparken.
– Det er snakk om forhold som ikkje er akseptable. Dei mest alvorlege sakene har fått sine konsekvensar. Ut over det går eg ikkje inn på detaljar, seier fylkesrådmann Rune Haugsdal.
– Trakassering frå lærarar er underrapportert
Leiar for Elevorganisasjonen i Hordaland, Alida De Lange D’Agostino, meiner seksuell trakassering frå lærarar er tema prega av tabu.
Ho trur sakene i liten grad blir rapportert inn.
– Me veit at det skjer og at mange elevar har opplevd seksuell trakassering utan å melda frå. Som regel tør ikkje eleven ta det vidare, og oppførselen får ingen konsekvensar.
D’Agostino seier Elevorganisasjonen har ein viss oversikt over omfanget, men at oversikta ikkje er god. Ho rosar fylkeskommunen for å reagera med sterkaste middel.
– Eg er overraska over at lærarar som er rollemodellar for elevane gjer slikt. Det er heilt forsvarleg at dei får sparken når slikt skjer.
Startar intern kartlegging i fylkeskommunen
Sett bort frå dei desse sakene, har fylkeskommunen i dag ikkje statistikk som viser tal alle rapporterte saker.
Fylkeskommunen vil no kartleggja omfanget av seksuell trakassering.
– Me skal ha ein arbeidssituasjon der ein både som kvinne og mann blir møtt med respekt og behandla på ein ordentleg måte, seier fylkesrådmann Haugsdal.