Hopp til innhold

Lærarane til Monika reagerer på politipåstand

Etterforskingsleiinga skal ha hevda at lærarane til avdøde Monika (8) ikkje var overraska over at åtteåringen skulle ha tatt sitt eige liv.

Created by InfoDispatcher

VIDEO: Avdelingsleiar Margrethe Fikse ved Stranda skule seier lærarane ikkje kjenner seg att i påstandane frå politiet.

Lærarane ved Stranda skule der avdøde Monika Sviglinskaja (8) var elev, reagerer i dag sterkt på nye opplysningar som kjem fram i ei fersk bok om saka.

Robin Schaefer gav i førre veke ut boka «Monika-saken. Min historie – fra drapsetterforsker til varsler», der han fortel om korleis han jobba for å få saka om dødsfallet hennar tatt opp igjen.

- «Avdødes lærer var ikke overrasket»

Boka om Monika-saken

VEKKJER OPPSIKT: Politietterforskar og varslar i Monika-saka, Robin Schaefer har skrive bok om sitt arbeid for å få saka om dødsfallet til åtteåringen tatt opp igjen.

Foto: Skjermdump fra Adlibris

Schaefer skriv at politiinspektør Sidsel Isachsen, som hadde påtalemakt i saka, hevdar læraren til åtteåringen ikkje var overraska over at saka vart lagt vekk som eit sjølvdrap.

På side 28 omtalar Schaefer eit møte på politihuset i Bergen 10. januar 2014:

«Etter en lengre etterforskning kom hun til at saken kunne henlegges som intet straffbart forhold og kodes om til selvdrap ved henging. Isachsen påpekte at avdødes lærer ikke var overrasket over at dette var ett selvdrap. Det var ett klart inntrykk at saken var slik Isachsen påpekte det».

– Kjenner oss ikkje igjen i påstanden

Arkivbilde av Monika Sviglinskaja som ble drept på Sotra i 2011

FUNNE DØD: Åtte år gamle Monika Sviglinskaja vart funne død i Sund utanfor Bergen i november 2011. Ho var elev ved Stranda skule.

Foto: HANDOUT / NTB scanpix

Men ingen av dei tilsette ved Stranda skule skal ha sagt noko slikt som Isachsen hevdar.

Tvert i mot var dei forundra over at åtte år gamle Monika skulle ha tatt sitt eige liv.

– Vi hadde ei drøfting på måndag der vi gjekk gjennom dette. Vi vart samde om at det riktige var å sende ut ein kommentar frå oss om at dette er noko vi ikkje kjenner oss att i. For det var ei stor overrasking blant dei tilsette her då politiet la vekk saka med konklusjon om sjølvdrap, seier avdelingsleiar Margrethe Fikse til NRK.

Vil sjå avhøyrsreferata

Politiinspektør Sidsel Isachsen

I HARDT VÊR: Politiet i Hordaland har fått mykje kritikk i kjølvatnet av Monika-saka. No reagerer lærarane til jenta på påstandar frå politiinspektør Sidsel Isachsen i ny bok.

Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix

Rektorvikar Leif Audun Hammersland og Fikse har sendt ut ei pressemelding til media i dag.

Der blir det opplyst om at dei lærarane som var inne til avhøyr då dødsfallet til Monika vart etterforska, blir oppforda til ta kontakt med politiet for å lesa det skriftlege referatet til politiet frå avhøyra.

– Dette er ei sak som heilt klart pregar oss, avsluttar Fikse.

Det har hittil ikkje lukkast NRK å kome i kontakt med politiinspektør Sidsel Isachsen i dag.