Normal

Lærar om lokal pridefestival: – Synd fører alltid samfunn vekk frå Gud

Pride er å «hytte knyttnevane» mot Gud, meiner pastor og ungdomsskulelærar Jens Thoresen. – Ein kan sjølvsagt tenke seg at dette har effekt på elevane, medgir rektor.

Pride lærer Stord

– MEIR TABU: Biletet er frå Oslo pride 2018. Kommande laurdag er det pridefestival på Stord. «Det er ofte meir tabu å vera skeiv utanfor dei store byane», er mellom arrangøren si grunngjeving for arrangementet. Men ikkje alle er like begeistra.

Foto: Scanpix / Skjermdump

– Eg trur ikkje det akkurat er så veldig kjekt for elevar som ikkje er heterofile å høyre at læraren ikkje respekterer dei, seier Tara Wiers Kvamme (16) til NRK.

Ho er leiar i Stord Sosialistisk Ungdom, og initiativtakar til pridefestivalen som kommande laurdag blir arrangert for første gang på Stord.

«Det er ofte meir tabu å vera skeiv utanfor dei store byane. (...) Storapride skal vera ein stad for alle som støttar skeive sine rettar», skriv arrangøren på Facebook.

40 organisasjonar, frå Stord Frp til Åpen Folkekirke Bjørgvin, har ifølgje arrangøren tilslutta seg festivalen.

Men ikkje alle er like positive. Jens Thoresen, pastor i Kristkyrkja på Stord, skriv måndag i eit ope Facebook-innlegg at arrangementet er å «hytte knyttnevane» mot Gud, og at «Gud sørgjer».

«Ikkje fordi han er fornærma, men fordi han elskar oss, og fordi han veit at det einaste som kan gjera oss lukkelege er at me følgjer han og er lydige mot hans bod», skriv pastoren.

Thoresen avsluttar innlegget med å fortelja at han dagleg ber om frelse mellom andre for syndarar. «Laurdag ber eg: "Herre, miskunna deg over oss!"», skriv han.

Det opne innlegget, som først blei omtalt av Stord24, kan ein lese i sin heilskap her:

Tysdag kveld blei innlegget fjerna.

Innlegget til Jens Thoresen om Stord Pride
Foto: Skjermdump

– Eg forkynner ikkje i klasserommet

Jens Thoresen blei i januar omdiskutert etter å ha skrive at ingen kristne bør drive med yoga.

Pastoren er også lærar på Stord ungdomsskule. Nettopp den rolla får folk til å reagere negativt på innlegget hans om pridearrangementet.

«Uavhengig om du uttalar deg som privat person eller "pastor" så er du ein lærar», skriv ein. «På laurdag feirar Stord at kjærleik er kjærleik» og «tenk å være så borti hampen bortreist som dette», er andre kommentarar.

Men fleire støttar Thoresen. Dei meiner det er godt skrive, og takkar han for at han «vågar å tale tydeleg».

Thoresen er tilsett i Stord kommune, og underviser altså ungdomsskuleelevar. Men til Stord24 seier han at det er som pastor han har skrive Facebook-innlegget.

– Dette er forkynning, og eg forkynner ikkje i klasserommet, seier han.

Thoresen seier han som pastor er «forplikta til å gi etisk rettleiing».

– Synd fører alltid samfunn vekk frå Gud, seier han til lokalavisa.

Tara Wiers Kvamme

– VELDIG KJIPT: – Det er veldig kjipt at det framleis finst folk som meiner andre er mindre verdt ut frå kven dei er glade i, synest Tara Wiers Kvamme, initiativtakar til «Storapride».

Foto: Stord SU

Rektor: – Forventar lojalitet mot læreplanen

Rektor ved Stord ungdomsskule, Anne Sissel Mugaas, understrekar overfor Stord24 at korkje ho eller skulen støttar det Thoresen skriv.

Overfor NRK gjentek Mugaas at ho forventar at lærarane er lojale mot læreplanen, og at skulen ikkje blandar seg opp i kva lærarane meiner, så lenge det ikkje fargar undervisninga.

– Men kan det likevel påverke forholdet til elevane når ein lærar går så tydeleg ut i ein slik sak?

– Eg tenkjer at vi har ytringsfridom, og så forventar eg profesjonalitet frå lærarane, seier rektoren.

– Men trur du det kan ha effekt på elevane?

– Det kan ein jo sjølvsagt tenke seg. Men det er der eg forventar ein profesjonalitet, ved at ein ikkje tek det med seg inn i klasserommet, seier Mugaas.

– På tide å akseptere at folk elskar kven dei vil

Tara Wiers Kvamme i festivalleiinga seier ho respekterer Thoresen si meining.

– Men eg må seie eg er djupt ueinig med han. Det er veldig kjipt at det framleis finst folk som meiner andre er mindre verdt ut frå kven dei er glade i. No er vi i 2018, og det er på tide at vi aksepterer at folk elskar kven dei vil, seier Kvamme.