Hopp til innhold

La vekk jussen og starta politisk T-skjortefabrikk

BERGEN (NRK): Trond Torsvik valde vekk ei trygg og høg inntekt for å trykka politikarar til folks bryst.

Trond Torsvik viser fram trykka sine

TRYKKERI: Trond Torsvik har eige trykkeri på loftet. Her er han ikledd ektemannen til Erna Solberg, Sindre Finnes, og på sjablongen er Kim Jong-un.

Foto: Ida Yasin Andersen / NRK

– Vel, eg har fått eit samfunnsoppdrag. Og det er å legga til rette for at kjente folk skal kunna kle på seg sjølv, bokstaveleg talt, seier Torsvik med eit glimt i auga.

Heime på loftet har han kontor og eit eige trykkeri. Her trykker han politikarar og andre kjente fjes på genserar og T-skjorter som han sel på nettet.

Skapar debatt

Torsvik seier at han ikkje har nokon politisk agenda, men at han likar å bidra til debatt. Han opplever at mange byrjar å diskutera politikk når dei møter nokon med e in slik genser på seg.

Listhaug av Torsvik

HIJAB: Plagget med Sylvi Listhaug i hijab laga Torsvik då ho var integreringsminister.

Foto: Ida Yasin Andersen / NRK

Eit motiv som har skapt debatt er eksstatsråd Sylvi Listhaug (Frp) i hijab.

– Dette er ein av bestseljarane, seier han og ler.

Listhaug har ingen kommentar til plagget, seier rådgjevaren hennar, Andreas Jacobsen.

Positiv respons

La vekk jussen for å følgja gründerdraumen.

GRÜNDERDRAUM: Trond Torsvik valde å følgje gründerdraumen. Han har fått mykje respons på kleda han lagar.

Ein som fekk personleg overrekt T-skjorte med seg sjølv som motiv på, er Ap-politikar Jan Bøhler.

– Det var både veldig hyggeleg og overraskande. Det gav litt farge i kvardagen, eit fint minne, seier Bøhler.

Bøhler fortel også at kleda er i hyppig bruk i heimen.

Ein annan som har fått genser med trykk av seg sjølv på, er Frp-politikar og tidlegare

Bård Hoksrud med Trond James sin genser

NØGD: Bård Hoksrud synest det er eit artig konsept.

Foto: Thomas Lien

statsråd Bård Hoksrud.

– Eg synest det var veldig morosamt. Eg hadde ikkje sett for meg at ein gründer skulle laga ein slik genser med meg på, seier han.

Trine Skei Grande med Torsvik sitt plagg

KULTURMINISTEREN: Trine Skei Grande har fått si eiga T-skjorte.

Foto: Thomas Lien

Tøft å tena pengar

Han starta bedrifta si «James Trond» som ein deltidsjobb for fem år sidan. Då han vart ferdigutdanna jurist i slutten av 2018, bestemte han seg for å satsa for fullt og leva av verksemda.

– Det er litt deprimerande å tenka på at sambuaren min, som er fersk advokat, tener mykje pengar kvar dag, medan eg kanskje jobbar dobbelt så mykje enkelte dagar og kan tapa pengar, seier Torsvik.

Selde ein genser i minuttet

Det hender at kleda går som hakka møkk.

– Då Sylvi Listhaug gjekk av som statsråd, tok det heilt av i nettbutikken, og det var heilt utanfor min kontroll. Eg trur eg selde ein genser i minuttet. Eg var heilt fortvila, for eg hadde ikkje kapasitet, seier han.

Kan du bære ein Ropstad så kan du bære to

KLARER DU EIN, KLARER DU TO: Torsvik kastar seg ofte på brennaktuelle tema. Her med 2 x Kjell Ingolf Ropstad.

Foto: Ida Yasin Andersen / NRK

Han måtte skulka ei veke på skulen for å dekka etterspurnaden.

Sidan han starta, har han omsett for ein halv million, og salet er stigande. Torsvik har trua på at han skal klara å leva av det etter kvart:

– Det hadde nok vore fornuftig å få seg ein stabil jobb, men eg veit at eg ville blitt rastlaus av det. Eg har meir lyst til å skapa noko eige.