Hopp til innhold

Kyrkja fortvilar over millionkutt – kan gi lengre ventetid for gravferder

Regjeringa vil kutte 46 millionar kroner i kyrkja sitt budsjett neste år.

Begravelse

MÅ VENTE: Dei føreslåtte budsjettkutta kan føre til færre prestar og lengre ventetid for dei som skal ha gravferd, fryktar Den norske kyrkja.

Foto: Hommedal, Marit / SCANPIX

– Blir dette budsjettforlaget ståande, kan det ramme prestetenesta i heile landet, seier leiar i Kyrkjerådet, Kristin Gunleiksrud Raaum.

I tillegg til dei 46 millionane, kuttast alle tilskotspostar på Kulturdepartementet med 0,5 prosent. Det betyr eit reelt kutt på 56 millionar for kyrkja, seier Raaum.

Ho meiner det er umogleg å unngå at kutta også går ut over kjerneoppgåvene til kyrkja – som gravferder.

– Vi gjer alt vi kan for å hindre at det skjer, for vi skal møte sørgande med den største respekt. Men blir det færre prestar, kan lengre ventetid for gravferder bli ein av konsekvensane.

Sokneprest i Fana Gunnar Nesse

TRAVELT: Sokneprest i Fana, Gunnar Nesse, er uroa for at dei kan miste ein av prestestillingane. – Korleis skal vi klare alt då? spør han.

Foto: Bergit Sønstebø Svendseid / NRK

Færre prestar

Ein av kyrkjelydane som no er uroa for at dei kan miste ei prestestilling, ligg i Fana i Bergen.

Her deler i dag tre prestar på om lag 19.000 innbyggjarar. Ein av prestestillingane har dei fått fordi arbeidsmengda allereie er stor. Ein av desse kan ryke, om bispedømet må kutte i prestestillingar.

Med to kyrkjer, rundt 80 gudstenester i året, 120 gravferder og 45 brudepar, vil dei ikkje klare alt, seier sokneprest Gunnar Nesse.

– Eg ser ikkje føre meg at vi skal kunne ha alle desse gudstenestene med berre to prestar, vi skal jo ha våre fridagar.

Ventetid på gravferder

Den norske kyrkja var klar over at det ville kome kutt, men stiftsdirektør i Bjørgvin bispedøme, Jan Ove Fjelltveit, er likevel overraska over at budsjettet blir kutta såpass mykje allereie neste år.

Stiftsdirektør i Bjørgvin bispedøme, Jan Ove Fjelltveit

PRESTEMANGEL: Stiftsdirektør i Bjørgvin bispedøme, Jan Ove Fjelltveit, fryktar for både prestestillingar og rekrutteringa til yrket.

Foto: Bergit Sønstebø Svendseid / NRK

– Dette blei større og kom litt raskare enn vi hadde sett føre oss.

Stiftsdirektørane i fleire andre bispedøme seier til Vårt Land, at dei er uroa for at kan bli færre prestar.

Fjelltveit er også redd for at det kan bety lengre ventetid på gravferder.

– Samstundes har vi i kyrkja ein tradisjon for å strekke oss, så det vil nok vere prestane som allereie har mykje som vil merke det mest, seier Fjelltveit.

Var ekstraløyvingar

Kulturdepartementet viser til at Den norske kyrkja fekk ekstraløyvingar i 2017 og 2018 til omstillinga etter at stat og kyrkje skilde lag.

– Det er no gjennomført. Dei er difor tilbake på omtrent same nivå som i 2016, seier kulturminister Trine Skei Grande, som understrekar at regjeringa i tillegg har føreslått ekstraløyvingar på 73,8 millionar til pensjonsutgifter og Kyrkjevalet i 2019.

Kyrkjerådsleiar Raaum kjenner seg ikkje att i at omstillinga er ferdig.

– Vi fekk mange nye oppgåver då stat og kyrkje skilde lag, og nokre av desse vil gje oss ekstrautgifter kvart år framover.

– Men de har visst lenge at kyrkja må kutte i administrasjon?

– Ja, og vi allereie har starta arbeidet med effektivisering. Nokre av effektane vil kome allereie neste år, men dette kuttet kjem alt for tidleg, seier Raaum.

Kristin Gunleiksrud Raaum, leder i Kirkerådet

MÅ KUTTE: – Blir kutta så store, har vi ikkje noko anna val enn å kutte i prestetenesta, seier leiar i Kyrkjerådet Kristin Gunleiksrud Raaum.

Foto: NRK