Hopp til innhold

Kygo og Walker håvar inn millionar

Alan Walker gjekk frå 38 kroner til 2,7 millionar i inntekt. Men det er ingenting samanlikna med den andre internasjonale artisten i nabolaget.

Alan Walker
Foto: Vegard Wivestad Grøtt / NTB scanpix

Kyrre Gørvell-Dahll, betre kjent som Kygo, har gjort stormsuksess dei siste åra. Suksessen har gått i taket sidan 26-åringen frå Fana i Bergen i 2013 var ein anonym økonomistudent ved Heriot-Watt University i Skottland.

Mangedobla inntekta

26-åringen er i dag ein av verdas aller største artistar innanfor EDM-sjangeren. I tillegg har han slått seg opp med ein eigen merkevarekolleksjon.

Det viser att i skattelistene.

Kygo hadde ei inntekt på snaue 8.100.000 kroner i fjor. Han betalte i underkant av tre millionar kroner i skatt og har ifølge skattelistene samla opp ei formue på respektable 23.723.320 kroner.

Kygo (Kyrre Gørvell-Dahll) sjekker ut sin kleskolleksjon Kygo Life før lanseringen på Taket på Steen og Strøm i Oslo onsdag kveld.

KLESKOLLEKSJON: I 2016 lanserte Kyrre Gørvell-Dahll sin eigen kleskolleksjon. Kygo Life ser ut til å ha generert gode pengar for 26-åringen.

Foto: Vegard Wivestad Grøtt / NTB scanpix

Det er ein ganske markant oppsving frå dei 1,3 millionane Kygo tente i 2015.

House-artisten har dei siste årene bygd seg opp eit velkjend namn i musikkindustrien, og er i dag blant dei fremst aristane innanfor sjangeren. 25-åringen har godt over én milliard visningar på Soundcloud og Youtube.

Men bergensaren har store kommersielle planar også utanfor scena.

Selskapet Kygo AS hadde i fjor eit resultat på 44 millionar kroner før skatt og eit driftsresultat på 14 millionar kroner. Sasmstundes gav inntektene frå merkevarekolleksjonen Kygo Life grøne tal, ifølge årsrekneskapen frå fjoråret. I tillegg til klede, satser selskapet tungt på lydprodukt som øyretelefonar og høyttalere. Gørvell-Dahll eig eit mindretal av aksjane gjennom selskapet Kygo AS.

Frå lommerusk til millioninntekt

Til samanligning håva den andre internasjonale artisten frå Fana inn 2,7 millionar i 2016.

Alan Walker har vakse opp i same nabolag som Kygo, og hadde sitt store gjennombrot i fjor. Etter eit innhaldsrikt år med prisdryss og turnear, står den engelskfødde bergensaren oppført med ein formue på 2,3 millionar kroner.

Det er hakket kvassare enn dei 38 kronene i inntekt Walker stod oppført med året før.

Walker skatta 1,2 millionar i 2016.