Hopp til innhold

Kygo «stole the show» på Koengen

Laser, pyro, såpebobler, røyk og fyrverkeri. Kygo sparte ikkje på noko, då han spelte for heimepublikummet på Koengen under Bergenfest laurdag kveld.

Kygo

GOD STEMNING: Kygo sette heile Koengen i elektronika og nesten tropestemning allereie med fyrste song, megahiten «Younger».

Foto: Roy Bjørge

Laurdag kveld var det Fana-guten Kyrre Gørvell-Dahl, betre kjend som Kygo, som skapa hysteri og god stemning på plenen på Koengen under Bergenfest.

Sjølv med ein temperatur på berre ti plussgrader denne junikvelden, sette Kygo heile Koengen i elektronika og nesten tropestemning allereie med fyrste song, med megahiten «Younger».

God stemning

GOD STEMNING: Kygo skapa hysteri og god stemning på plenen på Koengen.

Foto: Mette Anthun / NRK

– Kveldens konsert får fram sumarkjenslene. Dette er så bra, seier gutegjengen Gaute Lægreid, Daniel Dahl, Andreas Bjørsvik og Christian Lien i kor.

Det var ein fin start, men det tok ikkje heilt av blant publikum før Kygo etter tredje låt proklamerte at «Bergen er verdas beste by» og bad folk syngja med på neste låt som var «I see fire». Då losna det og publikum tok oppfordringa.

Fyr i publikum

Deretter var det premiere på den splitter nye låta «I`m in Love», med mange raude hjarter som lyste opp på dei megastore skjermane på scenen til den populære DJ-en.

Med neste låt «Coming over» dukka James Hersey opp med gitaren sin. Denne songen gav igjen fin stemning, men det vart meir fyr i publikum under dei neste remixane som blant anna «Sexual healing».

Det var ekstra pluss for konserten med gjesteframferd med James Hersey, Kyle Le Grange og Parson James.

Kygo og Kyla La Grange

GJESTEARTIST: Kyla La Grange sang «Cut Your Teeth» på scena med Kygo.

Foto: Roy Bjørge

Litt av eit sceneshow

Så kom høgdepunkta i konserten med dei siste låtane «Stole the show», og sist men ikkje minst «Firestone». Med eit proft sceneshow med laser, pyro, såpebobler, røyk og fyrverkeri – føyk ein time av garde og stemninga var på sitt beste.

Blant publikum var det flest unge fjes å sjå, men også dei godt vaksne var blant publikum. Folk var stort sett einige etter konserten om at dette var ein bra konsert.

Vennegjengen

STILIG: Vennegjengen Petter Hansen, Ann Helen Hitland, Nhon Minh Nguyen og Jørgen Neset var nøgd med konserten.

Foto: Mette Anthun / NRK

– Det har vore kjempegøy og topp stemning. Showet var tøft og det var bra med masse fyrverkeri og pyro. Kygo viser at han kan spela og ikkje berre er ein DJ. Han fekk fram artisten i seg, seier vennegjengen Petter Hansen, Ann Helen Hitland, Nhon Minh Nguyen og Jørgen Neset.

Stole the show

Det var taktfast roping om meir etter siste song, men Kygo «left the show» – og vi kan vel og seie at han «stole the show» på Koengen denne kvelden. På veg ut av konsertområdet hoia og song folk Brann-songar, og det må jo vera eit godt teikn for Kygo som leverte varene.

– Kygo er vår favoritt. Han lagar den beste musikken for tida. Han er kjekk, likande og veldig sjarmerande. Han er god til å skapa bra stemning, og favoritten er «Stole the show», seier Stine Kallvik Stenberg og Hanna Marie Løkken etter konserten.

– Det var ein utruleg bra konsert og kjempestilig lysshow. Han spelar skikkeleg kul musikk, seier Henrik Leivestad (13).

Stemning på Koengen

SCENESHOW: Det var eit proft sceneshow med laser, pyro, såpebobler, røyk og fyrverkeri.

Foto: Roy Bjørge