Hopp til innhold

Aldri har likestillinga vore betre i bystyret

Historisk bystyremøte i dag: Aldri har kvinnedelen vore større i bystyret i Noregs nest største by.

Hilde Boberg Andresen og Anine Frølich

UNGE TILSKOT: Hilde Boberg Andresen (SV) og Anine Frølich (H) er nye fjes i bystyret i Bergen.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Kjønnsbalansen i bystyresalen i Bergen kunne nesten ikkje vore jamnare, når 67 politikarar i dag samlast til det første møtet for det nye bystyret.

32 kvinner og 35 menn er valde inn til å sitje i bystyret i Bergen, ei historisk likestilt fordeling.

– Eg synest det er heilt fantastisk, seier nyvalt bystyrerepresentant Anine Frølich (H).

Unge kvinner drar snittet opp

Ho og Hilde Boberg Andresen (SV) møtast på Nygårdshøyden i Bergen, der dei begge studerer.

I dag er dei to 21-åringane ein del av ein aldri så liten kvinnerevolusjon i Bergen bystyre.

Åtte av dei ti folkevalte under 25 år er kvinner. Dei bidrar til å løfte kvinnedelen i bystyret i byen opp på eit historisk høgt nivå.

Bergen bystyre

GOD BALANSE: I det nye bystyret i Bergen er det 33 kvinner og 34 menn. Det er så jamt kjønnsbalansen kan bli.

Foto: Sølve Rydland / NRK

– Eg kjem jo frå Høgre, og vi har hatt mange politiske førebilete: Erna Solberg, Monica Mæland, Hilde Onarheim og Trude Drevland. Sterke kvinner som har bidratt til å motivere jenter i Unge Høgre, seier Frølich.

– Ikkje tilfeldig

– Det betyr kanskje at vi som har arbeidd for å få fleire kvinner inn i folkevalde verv har gjort noko riktig. Det er kjempebra, og eg håpar det fører til at fleire jenter har lyst til å vere aktive i politikken. Men ideelt sett burde det jo ikkje vere noko å jubla for og det hadde jo vore gøy om kvinnene var i fleirtal, seier Boberg Andresen.

Frølich meiner det ikkje er tilfeldig at ein ser så god kjønnsbalanse i Bergen.

– Først og fremst tyder dette på at partia har blitt merksame på dette og har vore flinkare til å ei jamnare fordeling på toppen av listene, i tillegg til at veljarane har stemt fram kvinner.

Forskjellig feminisme

Feminisme og likestilling er viktig for dei to nykomarane, men her skin det også igjennom at Høgre-politikaren og SV-politikaren er motstandarar.

– Eg er nok meir for ein aktiv kvinnepolitikk. Til eksempel er eg for at ein skal ha sjølvforsvarskurs og for kvotering slik at kvinner skal vere godt representert. Der kjem vi til å vere ueinige, seier Boberg Andresen.

– Denne diskusjonen har vi tatt mange gongar. Det er slike debattar vi kjem til å ta mange gongar framover også, seier Frølich.

Monica Mæland

FØREBILETE: Mangeårig byrådsleiar i Bergen, Monica Mæland (H), er no næringsminister i Solberg-regjeringa. Anine Frølich nemner både Mæland og Solberg som politiske førebilete som kan ha bidratt til at motivere fleire jenter i Unge Høgre.

Foto: Pedersen, Terje / NTB scanpix

Trur dei unge kvinnene vil merkast

At så mange unge kvinner tar sin plass i bergenspolitikken, trur dei to er ein fordel.

– Det er viktig for kvinner som gruppe. Eg trur også menn som har vore lenge i politikken kjem til å merke at det er fleire sterke kvinner som har dukka opp, seier Frølich.

– Eg merkar at no når eg kjem inn som ny, er det herleg at det også finst andre unge jenter der. Dei kan eg identifisere meg med, seier Boberg Andresen.