NRK Meny
Normal

Kvinnerekord i Øygarden

Kvinnene er i fleirtal i Øygarden kommunestyre for første gang. Kurs i hersketeknikkar får noko av æra for framgangen.

Kvinneprosjekt i Øygarden kommune

Øygarden har dei siste åra vore med på eit prosjekt som skal auka talet på kvinner i politikken.

Foto: Øygarden kommune

– Dette er historisk, jublar Aud Karin Oen.

Med totalt 23 representantar i kommunestyret er det kvinnelege fleirtalet sikra med tolv kvinner.

Målretta satsing

Aud Karin Oen

Prosjektleiar Aud Karin Oen er sjølv vald inn for SV.

Foto: Kai Svellingen-Flatekvål

Oen er leiar for prosjektet "Kvinner i lokalpolitikken" i Øygarden kommune. Det er ein del av eit nasjonalt prosjekt som er sett i gang av Kommunal- og regionaldepartementet. Prosjektet består av totalt 22 kommunar rundt om i landet.

– Vi hadde fire kvinner i kommunestyret då vi søkte om å få vera med i prosjektet. I 2007 auka vi til åtte og no til tolv, seier Oen til NRK.

Aud Karin Oen meiner kvinnefleirtalet er eit veldig godt resultat av eit målretta arbeid. Ho er sjølv ein av dei tolv som får plass i det nye kommunestyret.

Les og: Kvinnefleirtal i fylkestinget i Nord-Trøndelag | Nesten halvparten kvinner i kommunestyret i Kautokeino

Kurs i hersketeknikkar

Som ein del av prosjektet har dei gjennomført ulike kurs retta mot kvinner, som blant anna har tatt opp hersketeknikkar og medietrening. Elles har ein lagt forholda til rette for barnepass og møte på dagtid. Det har og vore sett i verk fleire tiltak for å løfta fram kvinnene i nominasjonsprosessen og opp mot valdagen, opplyser Oen.

– Øygarden har tradisjonelt vore veldig mannsdominert. Det er vikig at kvinnene får sin del av plassane i kommunestyret, seier Oen.

Dette er det historiske kvinnefleirtalet i Øygarden:

  • Grøm, Anne Lise (A)
  • Mikkelsen, Liv Edel (A)
  • Torsvik, Svanhild J Oen (A)
  • Husebø, Åse Gunn (A)
  • Fjeldstad, Kari (A)
  • Oen, Aud Karin (SV)
  • Hansen, Trine Overå (KrF)
  • Solbakk, Anne-Grethe (H)
  • Toft, Ingrid Marie (H)
  • Østgulen, Mette Skaar (Frp)
  • Haugland, Silvia (Tverrpolitisk)
  • Dalen, Inger Helene (Tverrpolitisk)

Valresultatet for Øygarden finn du på nettsidene til NRK .

37,5 prosent er "normalt"

Kommunal- og regionaldepartementet opplyser at dei så langt ikkje har ein samla oversikt over kvinnerepresentasjonen i dei nye kommunestyra.

– Statistikk frå kommunevalet i 2007 viser at kvinneandelen i kommunestyra på landsbasis var 37, 5 prosent, seier seniorrådgjevar Kjersti Bjørgo i departementet.

nettsidene til Øygarden kommune kan du sjå namna på alle som kjem inn i kommunestyret.

Øygarden kommune

Kvinner i Øygarden har blant anna fått trening i å ta ordet.

Foto: Øygarden kommune

Siste video

Distriktsnyheter fra Hordaland og Sogn og Fjordane
Erna Solberg med fremføring av "Nystemten" og Ketil Solvik-Olsen på tuba var en del av den offisielle åpningen av Bergens nye flyplass.
Se hele arbeidet med å fjerne flytedokken fra Foto/redigering: Tim Wassmo