Hopp til innhold

Kvinner skal ha slått og teke kvelartak på Sharif (24): – Skreik «jævla utlending»

Personar med utanlandsk opphav hevdar dei blei trakasserte og angripne midt i Bergen sentrum. – Ho sa ho var rasist og at ho ikkje likte utlendingar.

To kvinner i 20-årene trakasserte ikke-etniske menn i Bergen sentrum. Sharif (24) ble slått i ansiktet.

FØR ANGREPET: Videoen viser dei to kvinnene før dei gjekk til angrep på Sharif Nidal. Den første av kvinnene hadde før opptaket kome med rasistiske ytringar mot Birand Adnan, som tok fram mobilen og filma.

Sharif Nidal og kompisen blei angripne på gata då dei var på veg gjennom Bergen sentrum natt til laurdag. To kvinner skal ha slått og teke kvelartak på 24-åringen, som opphavleg er palestinsk.

– Eg har aldri opplevd noko liknande før. Eg blei sjokkert og fly forbanna.

– Sa ho var rasist og ikkje likte oss

Nidal seier han først blei slått i andletet av den eine kvinna før den andre tok kvelartak på han.

Ho sa «hald kjeft, jævla utlending» og «ikkje snakk til meg, jævla utlending». Eg hadde ikkje sagt eit ord og har aldri sett henne før.

Sharif Nidal

Minuttar før episoden hadde ei av kvinnene oppsøkt tre menn i 20-åra utanfor kjøpesenteret Kløverhuset.

– Ho spurte kva han eine heitte. Han svara og ho skreik tilbake «nei, det heiter du ikkje». Ho sa at ho var rasist og ikkje likte utlendingar som oss, fortel 23 år gamle Birand Adnan.

Han tok opp mobiltelefonen og byrja filma då kvinna haldt fram med ufine ytringar.

– Eg sa at ho kunne gjenta det på opptak og stå for meiningane sine. Ho reagerte med å gripa etter telefonen og springa etter meg, fortel Adnan.

Kvinne trakasserte og gikk til angrep på personar med utenlandske trekk

SA HO VAR RASIST: Ifølgje Birand Adnan skal kvinna ha sagt at ho var rasist og ikkje likte utlendingar. Han tok opp videokamera og filma. Kvinna reagerte med å springa etter han.

Foto: Privat

Då kom også den andre kvinna etter, og bad Adnan om å gje frå seg telefonen. Også ho forsøkte å gripa etter telefonen, før 23-åringen avslutta opptaket og ringde politiet. Etterpå hevdar han å ha blitt slått og sparka etter.

– Verste eg har vore med på

– I det eg ringde politiet og forklarte alt, byrja kvinnene å gå mot heilt tilfeldige personar som var mørke i huda. Dei gjekk til angrep på ein mann heilt uprovosert. Det er det drygaste eg har vore med på i mine 13 år i Noreg, fortel Adnan, som er busett i bergensområdet.

– Eg har budd i byar og i mindre bygder, men aldri blitt utsett for så grov rasisme. At ei ung kvinne på vår alder er så stygg, det forstår eg ikkje.

Det var Nidal og kompisen dei to kvinnene gjekk laus på. 24-åringen trekte seg tilbake då Adnan gjekk imellom og sa han hadde ringt politiet.

– Ein person sa dei hadde vore ufine mot andre same kvelden. Eg forsvarte meg, men ville ikkje slå ei kvinne, seier Sharif Nidal.

Sharif Nidal

SJOKKERT: Sharif Nidal er frå Palestina og kom til Noreg for sju år sidan. Han har aldri tidlegare opplevd å bli angripen og ropt etter på gata.

Foto: Privat

Politiet: – Person har kome med rasistiske ytringar

Politiet stadfestar at dei rykte ut til ein episode i Strandgaten klokka 02.36. Men operasjonsleiar Arve Samsonsen i Vest politidistrikt har ikkje loggført opplysingar om vald.

– Ein person skal ha kome med rasistiske ytringar mot ein annan. Utover det står det ikkje så mykje meir. Den mistenkte ser ikkje ut til å ha fått noko pålegg frå politiet, seier Samsonsen.

Både Nidal og Adnan kjenner identiteten til kvinna. Dei kjem til å melda henne til politiet. Adnan trur politiet hadde teke dei med seg dersom det var to menn som gjekk til angrep.

– Det er ikkje meininga å laga noko stor greie ut av dette, men eg vil visa at eg ikkje aksepterer å bli behandla på denne måten. At det er kvinner, skal ikkje bety noko når ein oppfører seg slik.

NRK kjenner identiteten til kvinnene. Dei har ikkje svart på våre førespurnader.