NRK Meny
Normal

- Må bli rusmisbrukar for å få hjelp

Kvinner med ADHD får ofte ikkje hjelp før dei er blitt rusmisbrukarar, har fått spiseforstyrringar eller psykiske problem.

Psykiske lidelser

(ILLUSTRASJONSFOTO)

Foto: Johannessen, Sara / SCANPIX

Det meiner kvinnene i det nylig oppretta nettverket Adah. Organisasjonen i Bergen etterlyser meir kunnskap blant helsepersonell om kvinner med ADHD.

- Har lyst å slå av

- Du får inn heile verda samtidig, heile parabolantenna. Eg har berre lyst å finne fjernkontrollen og stenge AV! Og det å ta ein liten tablett for å kunne gjere det og få ro i eit par timar... Kortvarig løysing, ja. Det byr på problem. Men når ein er dønn utslitt... så drit ein i det, seier Alice Stensland.

Som vart 35 år før ho fekk diagnosen ADHD. Innan den tid hadde ho fått store rusproblem, for det meste med alkohol og sentralstimulerande tablettar. Det var ein måte å sjølvmedisinere seg for å takle kvardagen, fortel ho.

Mange kvinner slit

Det er mange som Alice, i følge Adah - eit nettverk for kvinner med ADHD som nyleg opna i Bergen. Intiativtakar til Adah, Ruth Marie Donovan, seier at kvinner med ADHD ofte ikkje får rett diagnose og behandling før dei er ute å køyre på andre områder.

- Dette handlar faktisk om liv og død, seier Donovan.

- ADHD blir ikkje fanga nok opp hos kvinner. Symptoma melder seg gjerne ikkje før i puberteten, og deretter blir det ikkje fanga opp før tilleggslidingane er på plass - rusproblem, spiseforstyrringar, angst og depresjon. Først då begynner ein å lure "kva er det som er årsaka?". Vår erfaring er at vi har eit litt handlingslamma hjelpeapparat, som ikkje forstår ADHD, meiner initiativtakaren.

Underdiagnostiserte

Prosjektet «ADHD hos voksne i Norge» er eit forskingsprosjekt i regi av Universitetet i Bergen som skal kartlegge ADHD hos vaksne. Prosjektet skal pågå fram til 2016 og tek sikte på å bygge opp ein nasjonal biobank med blodprøver/spyttprøver fra personar med ADHD.

Anne Halmøy er psykiater i Bergen og med som forskar i prosjektet.

- Vi har samla inn data frå over 500 vaksne med ADHD-diagnosa. Kvar femte mann seier han fekk diagnosa som barn, men berre kvar tiande kvinne seier det samme. Så for vaksne kan det sjå ut til at kvinner sjeldnare blir fanga opp som barn, seier Halmøy.

- Om det framleis er slik, det veit vi ikkje. Det har blitt meir fokus på ADHD, så ein kan jo håpe at det endrar seg for den kommande generasjonen.

Siste video

Programleiar: Jan Børge Leirvik
Programleiar: Jan Børge Leirvik
Programleiar: Jan Børge Leirvik