Talet på overnattingsdøgn har auka med nesten 1000 i løpet av 2004.
- Årsaka er svært høge prisar på bustadmarknaden, seier dagarbeidar på Krisesenteret i Bergen, Mariann Fossum.
Over 7000 overnattingar
Talet på overnattingsdøgn har auka frå omlag 6500 til godt over 7000 det siste året ved krisesenteret for kvinner i Bergen.
Auken kjem ikkje fordi fleire kvinner har søkt hjelp, men fordi dei vert buande lenger.
Spesielt for Bergen
Ved dei andre krisesentra i fylket er det berre ein svak auke i talet på besøkjande kvinner og overnattingsdøgn.
- Me skulle hatt mange fleire bustader til ein grei pris, sier Fossum.
Situasjonen er spesiell i Bergen. Byrådsleiar Monica Mæland seier dei gjer det dei kan for å hjelpe dei som er heimlause.
- Bergen kommune har ein vanskeleg økonomisk situasjon så det har ikkje vore eit alternativ å kjøpe kommunale bustader, sier Mæland.
Frustrerande ventetid
Den lange ventetida på å finne eigen heim er frustrerande for kvinnene på krisesenteret.
- Du er i ditt livs krise og skal fungere saman med mange personar. For kvinner som er over den første vanskelege perioden, er det ikkje noko kjekt å ikkje ha ein plass å flytte til, seier Mariann Fossum ved Krisesenteret i Bergen.