NRK Meny
Normal

Kvinnene kuttar i menn sitt lønsforsprang

Ein siger for likestillinga? Nei, snarare bevis på at Noreg framleis har ein kjønnsdelt arbeidsmarknad, meiner økonomiforskar.

Valhall før

MEIR SÅRBARE: Oljearbeidarar på Valhall i 1982. På starten av 90-talet blei menn meir råka av arbeidsløyse enn kvinner. I fjor såg vi det same. Det skuldast ein kjønnsdelt arbeidsmarknad, meiner økonomiforskar.

Foto: Inge Gjellesvik / NTB scanpix

For første gang på sju år blei inntektsgapet mellom kvinner og menn i Noreg i fjor redusert. Det syner tal frå SSB.

Talet på kor mykje meir norske menn tener i snitt enn kvinner, blei frå 2015 til 2016 redusert med 12.000 kroner.

Det største jafset i lønsgapet tek kvinnene i Hordaland, Rogaland og Vest-Agder – dei same fylka som har vore hardast råka av oljenedturen.

Astrid Louise Grasdal, førsteamanuensis ved Institutt for økonomi ved Universitetet i Bergen, meiner samanhengen er openberr.

– Dei siste par åra har konjunkturane gått i disfavør av menn. Kvinner jobbar i offentleg sektor i større grad enn menn, og er mindre utsett for konjunktursvingingar. Det kan nok vere med på å påverke den utviklinga vi ser i inntektsskilnader, seier Grasdal.

Menn meir råka i dårlege tider

Astrid Louise Grasdal

Astrid Louise Grasdal

Foto: UiB

Grasdal peikar på nedgangen i norsk økonomi på byrjinga av 90-talet, då ein såg ein liknande trend: At kvinner var mindre eksponert for arbeidsløyse.

– Når det er dårlege tider, er menn meir råka av det, seier førsteamanuensen.

Norske kvinner si løn gjekk fram i alle andre fylke enn Rogaland i fjor. Men hovudgrunnen til at dei tek innpå, er at menn tente mindre enn tidlegare.

Dermed meiner forskaren den likare løna paradoksalt nok er eit teikn på ein kjønnsdelt arbeidsmarknad, snarare enn nokon siger for likestillinga.

– Eg trur det først og fremst er uttrykk for at vi har ein kjønnsdelt arbeidsmarknad som råkar menn og kvinner ulikt, seier Grasdal.

Laila og Per Pettersen

OVERRASKA: Laila Pettersen er overraska over at menn dei seinare åra har auka lønsforspranget til kvinnene. Mannen Per trur det vil ta slutt. – Eg trur det er så mange feministiske straumningar i samfunnet vårt no, at kvinnene kjem til å ta menn att. Men det kjem nok til å ta tid, seier han.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Tente 164.000 mindre

Sjølv om kvinner tok innpå i fjor, har utviklinga altså gått i motsett retning dei sju føregåande åra. Menn har tent stadig meir enn kvinner. Tala overraskar folk NRK treff på gata i Bergen.

– Eg følger jo relativt bra med, og det er jo stadig fleire kvinner som sit i relativt gode stillingar og maktposisjonar, så eg synest dette var litt overraskande. Likestillinga har ikkje gått så raskt som vi kvinner hadde håpa, seier Laila Pettersen.

No er ho pensjonist, men allereie på 60-talet kjempa ho kvinnene si sak i arbeidslivet.

– For 50 år sidan, då eg byrja som lærar, fekk ikkje kvinner lov å jobbe meir 33 timar i veka. Det var eit sjokk, men slik var det då, seier ho.

Slik er det er ikkje i dag. Men sjølv om kvinnene tok innpå for første gang på lenge i fjor, er det framleis store skilnader når det kjem til løn.

Gjennomsnittskvinna tente i fjor 164.000 kronar mindre enn gjennomsnittsmannen i Noreg.

Oslo mest likestilt

Oslo har Noregs mest likestilte arbeidsmarknad, ifølge SSB.

I førre veke kunne NRK melde at alle husholdningstypar i Noreg opplevde kraftig realinntektsnedgang i 2016.

Også desse tala viste utslag av oljekrisa. Størst var nedgangen i Rogaland, der median inntekt etter skatt fall med nesten 25.000 kroner, målt i faste prisar.

Siste video

Kvinner i klart undertall gatelangs i Bergen. Nå blir det endring.
Programleiar: Tale Hauso
Se 30 timers sending oppsummert på 63 sekunder.