Hopp til innhold

Kvinne til sjukehus etter ulukke

Ei kvinne i slutten av 20-åra vart sendt til sjukehus i natt etter å ha køyrt i fjellveggen på E39 ved Heiane på Stord. Det var forbipasserande som melde frå om ulukka. Politiet har ikkje oversikt over skadeomfanget, men kvinna var aleine i bilen.