Hopp til innhold

Kvinne (30) lettare skadd etter frontkollisjon med lastebil

Frakta til sjukehus med luftambulanse etter ulukke sør på Sotra.

Trafikkulykke Sund kommune

FRONTKOLLISJON: Ei kvinne er sendt til sjukehus med luftambulanse etter ei ulukke på fylkesveg 555.

Foto: Anette Berentsen / NRK

Alle naudetatar rykka ut til Vorland i Sund kommune etter meldinga om ei frontkollisjon med ein personbil og ein lastebil. Trippelvarslinga gjekk ut klokka 11.45.

Den første meldinga gjekk ut på at ulukka skjedde ved Sund ungdomsskule, men kollisjonen på fylkesveg 555 skal ifølgje brannvesenet ha skjedd ved Vorland i Sund.

Kvinne (30) lettare skadd

Ei kvinne blei tidleg omtala som fastklemd etter kollisjonen. Kvinna blei etter om lag tre kvarter frigjort frå bilen og sendt til Haukeland sjukehus med luftambulanse.

Tysdag ettermiddag melder Helse Bergen at det var ei 30 år gamal kvinne som vart frakta til sjukehus etter ulukka. Ho blir omtala som lettare skadd.

Store materielle skader på personbilen

Ifølgje vaktkommandør Sigbjørn Villanger i 110-sentralen sat ikkje kvinna fastklemd, men brannmannskapa som kom først fram lét kvinna bli verande i bilen til luftambulansen hadde kome fram.

– Brannmannskapa som kom først fram tok hand om kvinna før luftambulanse og ambulansepersonell kom til staden. Dei materielle skadane er store, i alle fall på personbilen, opplyser han.

Frontkollisjonen skal ha skjedd i ei 60-sone. Politiet veit ikkje kva som førte til ulukka.

Føraren av lastebilen skal ha kome frå kollisjonen utan skader.

Ifølgje trafikken er det lite trafikk i området. Trafikken blir manuelt dirigert forbi staden.