NRK Meny
Normal

Kvinne sakna på Utne

Politiet søkjer etter ei 74 år gammal sakna kvinne på Utne i Ullensvang. Røde kors og norske redningshundar hjelper til.

Leiteaksjon på Utne

LEITEAKSJON: Politiet søkjer etter ei 74 år gammal sakna kvinne på Utne i Ullensvang.

Foto: Arvid Aga

Else Margrethe Clausen

SAKNA: Else Margrethe Clausen frå Bergen er meldt sakna etter at ho gjekk frå Utne Hotel tysdag kveld.

Foto: PRIVAT

– Både Røde Kors, Norske redningshundar og politiet er på staden, seier operasjonsleiar Janne Steimler Sætre.

I samråd med familien går politiet no ut med namn, bilete og skildring av den sakna.

Ho heiter Else Margrethe Clausen og er fødd i 1939. Ho er 164 høg, tynn/sped med rak kroppshaldning. Sakna har nordeuropeisk utsjånad. Ho har mørkt brunt hår og brune auge. Ho brukar briller og snakkar vestlandsdialekt.

Kvinna er busett i Bergen og vart meldt sakna av familien i går kveld. Kvinna hadde innlosjert seg på Utne hotell i går. Ho vart sist sett i det ho gjekk frå hotellet ca. kl. 20:00 tysdag.

Observasjonar av sakna etter kl. 19:00 tysdag kveld, bes bli meldt til politiet på tlf. 02800.

Siste video

Programleder: Mariann Reikerås
Steffen Lie Skålevik etter 2-2 mot Tromsdalen