NRK Meny
Normal

Kvinne redda ut av bil på kanten av stup

Dramatikk på Bønes i natt. – Kvinna stod på bremsen til vi hadde fått ho i tryggleik, fortel politiet.

Det var like før klokka 24.00 natt til tysdag at politiet og brannvesenet i Bergen fekk melding om at ein bil stod på vippen utfor ein høg kant på Bønes.

Inne i bilen sat ein skjelven sjåfør, og brannvesenet melde også om at det var fare for at bilen skulle vippe utfor kanten.

– Den var i fare for å falla ned fire meter utfor eit stup, fortel operasjonsleiar Morten Kronen i Hordaland politidistrikt til NRK.

Stod på bremsen

Han seier det var sleipt og glatt føre på staden.

– Kvinna var på veg opp ein bratt og smal veg då bilen byrja å spinne og skli. Til slutt hamna den på tvers ved kanten av dette stupet, forklarar Kronen.

Han seier sjåføren opplevde situasjonen som ufin og ekkel.

– Ho var redd og stod på bremsen og tviheldt på handbrekket. Heldigvis fekk vi sikra både ho og bilen. Personen kom uskadd frå hendinga, avsluttar Kronen.

Heile operasjonen tok kring 15 minuttar.

Siste video

Vestlandsrevyen, 22.09.2017.
Torsdag var det hviledag i VM, og bergenserne fikk teste VM-løypene.
Slik såg det ut i VM-løypene dagen etter temporittet opp Fløyen.