Hopp til innhold

Kvinne med hund fann ikkje vegen

Ein kvinneleg turgåar melde laurdag kveld frå til politiet om at ho ikkje fann vegen heim. Politiet rykte ut med hundepatrulje, som lokaliserte kvinna og hennar firbeinte turfølgje ved Nubbevannet på Natlandsfjellet. – Hundepatruljen fann kvinna våt og kald, men i god behald, opplyser operasjonsleiar Morten Kronen i Vest politidistrikt.