Hopp til innhold

Fem bilar involerte i kjedekollisjon – store trafikkvanskar i Bergen

To ulukker på rappen skapar kilometerlange køar i ettermiddagsrushet i Bergen. Kvinne måtte reddast ut av bilen etter at fem bilar kolliderte på Sotravegen.

Ulykke rv 555

BLEI REDDA UT: Fire bilar var involvert i ulukka på Sotravegen i Bergen. Ei kvinne måtte reddast ut av den eine bilen, men ingen personar skal vera alvorleg skadd.

Foto: Yngve K Holmsen

Fem biler var involverte i ei trafikkulukke på riksveg 555 ved Liavatnet. Naudetatane fekk melding om ulukka klokka 14.57.

Dei materielle skadane er store, men ingen skal vera alvorleg skadde. Brannvesenet måtte redda ut ei kvinne som ikkje kom seg ut av bilen.

– Dørene var uråd å få opp, så dei måtte klippast, seier Arne Corneliussen i 110-sentralen i Hordaland til NRK.

Kjedekollisjon på rv555 i Bergen

KJEDEKOLLISJON: Fem bilar kolliderte via Liavatnet på rv. 555 i Loddefjord. Årsaka til ulukka er ikkje kjend.

Foto: Einar Ruud

Tatt beslag i førarkort

Ein person blei køyrt til legevakt i ambulanse, men ingen av dei andre involverte skal vera skadde.

Politiet veit enno ikkje kva som var årsaka til ulukka, men mistenkjer at eit feltskifte forårsaka kjedekollisjonen. Politet har difor teke beslag i førarkortet til ein av dei involverte, opplyser operasjonsleiar Lars Geitle i Vest politidistrikt.

Klokka 16.45 står det framleis køar i sørgåande retning. Tipsarar melder om at det står køar i Fløyfjellstunnelen.

– Ulukka er særdeles ugunstig, både med tanke på tid og stad. Me ventar store køproblem utover ettermiddagen, seier Geitle.

Laster Twitter-innhold

– Timelange køar

Vegen var lenge heilt stengd, før eitt felt blei opna. Kort tid etter ulukka, stod køen allereie over Puddefjordsbroen i retning Bergen sentrum. Vegvesenet trur køen vil henga igjen i fleire timar etter ulukka, som skjedde på Sotravegen mellom Lianakktunnelen og Lyderhorntunnelen.

Klokka 16.30 er det framleis kilometerlange køar mellom aust og vest i Bergen.

– Det er fleire bilar som skal ryddast vekk. Av erfaring veit me at det vil ta tid, seier trafikkoperatør Tore Tyssen i Vegtrafikksentralen til NRK.

Vegvesenet opplyser at omkøyringsalternativet er via Lyderhornsveien, men kapasiteten er sterkt avgrensa.

– Omkøyringsvegen tar ikkje all trafikken, så det kjem til å bli køar.

Klokka 16.20 blei trafikken opna for fri ferdsel.

Bil hamna på taket i Arna

Berre minutt etter meldinga om kjedekollisjonen på Sotravegen, køyrde ein bil med hengar i fjellveggen på riksveg 580 mellom Midttun og Arna. Ulukka skjedde like sør for Janusfabrikken på Espeland.

Laster Twitter-innhold

Klokka 15.50 melder Statens vegvesen at Hardangervegen ved ulukkesstaden vil vera stengd ei ein time i samband med bilberging.

Føraren av bilen blei køyrde til sjukehus med ambulanse. Tilstanden til føraren av bilen er ikkje kjend.