Kvinne må i fengsel etter hatytring mot Ali (22)

Lagmannsretten skjerpar straffa mot 70-åringen som kalla samfunnsdebattant og forfattar Sumaya Jirde Ali for «fandens svarte avkom». No ankar kvinna dommen vidare til Høgsterett.

Sumaya Jirde Ali

UTSETT FOR HAT: Ei bergenskvinne (70) er dømd til fengsel for hatytring mot Sumaya Jirde Ali (22)

Foto: Lise Åserud / NTB scanpix

Gulating lagmannsrett har no dømd kvinna (70) til 14 dagar fengsel utan vilkår, skriv Bergensavisen.

Det er ei skjerping av straffa frå Bergen tingrett tidlegare i år, der 70-åringen vart dømd til 24 dagar fengsel på vilkår og 10.000 kroner i bot.

Bergenskvinna anka dommen, men avgjerda til ein samrøystes lagmannsrett betyr at ho må sone i fengsel for ytringa.

Meiner ytringa fremmar hat

Det var i eit kommentarfelt på Facebookgruppa «Vi som støtter Sylvi Listhaug», at 70-åringen i fjor haust skreiv «Fandens svarte avkom reis tilbake til Somalia og bli der din korrupte kakerlakk».

Facebook-innlegget var ei deling av ein artikkel om Sumaya Jirde Ali (22). Over tid har den unge samfunnsdebattanten opplevd grov hets og trugslar, og levd med valdsalarm.

I fjor trakk ho seg først frå å halde tale på kvinnedagsmarkeringa i Bergen, men bestemte seg så for å stille likevel.

Lagmannsretten meiner Facebook-kommentaren til bergenskvinna framstår som rein sjikane og hadde «det formål å forhåne, fremme hat og ringeakt overfor Sumaya Jirde Ali og somaliere generelt på grunn av deres hudfarge og etniske opprinnelse», siterer BA.

Retten meiner det må reagerast med fengsel utan vilkår på slike ytringar.

Gulating Lagmannsrett i Bergen

FENGSELSSTRAFF: Gulating lagmannsrett meiner det i slike saker må reagerast med fengsel utan vilkår, for å få slutt på samfunnsskadelege ytringar.

Foto: SIMON S. BRANDSETH / NRK

Ankar til Høgsterett

I tingretten forsvarte den no dømde kvinna seg med at Ali offentleg har skrive «fuck Sylvi Listhaug» og «fuck politiet», og at 22-åringen som aktiv samfunnsdebattane difor må tole spissa utsegn retta mot henne.

Ho innrømte å ha skrive kommentaren, men nekta straffskuld.

BA skriv at dommen er samrøystes, men ikkje rettskraftig

Forsvarar Laila Kjærevik opplyser til NRK torsdag kveld at dei ankar dommen til Høgsterett.

– Vi er usamde i skuldsspørsmålet og straffeutmålinga, seier Kjærevik.