Hopp til innhold

Kvinne alvorleg skadd etter påkøyrsel

Ei kvinne er alvorleg skadd etter å ha blitt påkøyrt av ein trailer i Gravdal i Bergen. Politiet er usikre på kva som skjedde då kvinna blei påkøyrt.

Trafikkulukke i Gravdal

RYGGA: Føraren av traileren rygga då den trefte den 68 år gamle kvinna som blei påkøyrt.

Foto: Tom Arne Moe / NRK

Meldinga om ulukka som skjedde ved hagesenteret Plantasjen i Gravdal kom kl. 10 i føremiddag.

– Politiet fekk melding via AMK og ambulanse og politi var raskt på staden, seier operasjonsleiar Hans Egil Berge i Hordaland politidistrikt.

Alvorleg skadd etter ulukka

– Meldinga sa at det hadde vore ein samanstøyt mellom ein fotgjengar og ein trailer som hadde skjedd då traileren rygga medan fotgjengaren kryssa vegen bak. Forgjengaren blei påkøyrt og mista balansen og falt, forklarer Berge.

Fotgjengaren var ei 68 år gammal kvinne som blei sendt til Haukeland universitetssjukehus. Helse Bergen melder tidleg torsdag ettermiddag at kvinna er kritisk skadd etter ulukka.

Tilstanden til kvinna betra seg i løpet av torsdagen og Helse Bergen meldte i ei pressemelding seinare på dagen at tilstanden til kvinna er alvorleg skadd.

Politiet veit ikkje korleis skadane oppstod

– Meldinga politiet fekk på staden var at kvinna ikkje skal ha blitt køyrt over av hjula. Politiet har førebels ikkje kunnskap om korleis skadane kvinna er blitt påført oppstod, og det er noko me vil undersøka i vidare etterforsking, seier Hans Egil Berge.

Førarkortet til føraren av traileren er rutinemessig blitt beslaglagt, opplyser politiet.

– Føraren vil bli avhøyrt og politiet vil etterforska ulukka, seier Berge.