Mann sikta etter knivstikking i Sveio

Ei kvinne i 40-åra blei natt til laurdag frakta til sjukehus med livstrugande skader. Ein mann i 40-åra er sikta for grov kroppsskade.

Laster kart, vennligst vent...

TIL SJUKEHUS: Kvinna i 40-åra vart sendt nordover til sjukehuset på Stord etter knivstikkinga.

Det var klokka 22.56 fredag kveld at politiet fekk melding om knivstikking i ein privat bustad på Valevåg i Sveio i Hordaland.

Ei kvinne i 40-åra var knivstukken og politiet rykka ut og arresterte ein mann i 40-åra. Pågripinga skjedde utan dramatikk.

Tilstanden stabil for kvinne

Mannen er no sikta for grov kroppsskade. Han har vore i arresten sidan natt til laurdag, og blei avhøyrt i dag.

– Sikta har gitt ei forklaring på det som har skjedd. Vi forsøkte å avhøyre fornærma og har fått ei grov skisse over hennar oppleving av situasjonen, seier politiadvokat Per Terje Brundtland til NRK laurdag ettermiddag.

Avhøyret med kvinna i 40-åra måtte avbrytast grunna helsetilstanden, men Brundtland kan fortelje at ho er på betringas veg.

Helse Fonna opplyste til NRK laurdag morgon at kvinna har alvorlege skader etter knivstikkinga.

– Ho blei operert for livstrugande skader i natt. Hennar tilstand er no stabil og ho ligg til observasjon på sjukehuset, seier politiadvokat Brundtland.

Ingen vitne

Politiet og mannens forsvarar, Oscar Ihlebæk, seier det er ein relasjon mellom den fornærma og den sikta.

Det skal ikkje ha vore vitne til sjølve knivstikkinga.

– Men det var andre personar i huset som melde frå til politiet om kva som hadde skjedd, fortel Brundtland.

Ifølgje Brundtland skal bakgrunn for knivstikkinga ha vore som følgje av ein krangel mellom dei to.

– Min klient har erkjent delvis straffeskuld, seier forsvarar Oscar Ihlebæk til NRK.

Søndag kveld melder NTB at mannen er lauslaten, og har fått kontakt- og besøksforbod ovanfor kvinna.

I den første saka blei det opplyst frå politiet at knivstikkinga skjedde på Stord. Det riktige er at det skjedde på ei privat adresse på Valevåg i Sveio kommune.