Hopp til innhold

Kvinne knivstukken på jobb - skryt av tilsette som greip inn

Kvinne i 40-åra alvorleg skadd etter å ha blitt knivstukken på jobb. – Kollegaer høyrde skrik frå lageret, fortel dagleg leiar.

Per Henning Hamnes

SAMLA TIL KRISEMØTE: Dagleg leiar Per Henning Hamnes, samla dei tilsette i verksemda etter knivstikkinga onsdag føremiddag.

Foto: Jon Bolstad / NRK

– Lukkelegvis blei berre ein person skadd, og eg vil rosa dei tilsette som roa ned den alvorlege situasjonen, seier Per Henning Hamnes, dagleg leiar ved GC Rieber Compact på Søfteland i Os.

Ifølgje Hamnes blei knivstikkinga oppdaga då tilsette høyrde skrik frå lageret. Nokre tilsette hjelpte kvinna med blødningane, mens andre roa ned mannen som skal ha utført knivstikkinga.

Alvorleg skadd

Politiet fekk melding om hendinga på Søfteland klokka 09.42 onsdag morgon, og rykka ut med patruljar både frå Os og Bergen. Medan politiet var på veg blei offeret, ei kvinne i 40-åra, frakta inn i ein ambulanse og køyrt til Haukeland sjukehus.

Klokka 11.00 opplyser sjukehuset at tilstanden til kvinna er alvorleg skadd.

Den mistenkte gjerningspersonen, ein mannleg kollega i slutten av 20-åra, blei halde fast av kollegaer til politiet kom til staden.

– Han blei pågripen straks politipatruljen kom til staden, fortel operasjonsleiaren i politiet.

Knivstikking på GC Rieber Compact AS

AVHØYRER KOLLEGAER: Politiet er på Søfteland der ei kvinne i 40-åra blei knivstukken av ein mannleg kollega i 20-åra.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Dagleg leiar ved verksemda seier til NRK at hendinga kom fullstendig overraskande på han og dei andre tilsette.

– Vi kjenner ikkje til nokon konflikt mellom desse to. Det kom totalt overraskande på oss i leiinga og dei andre tilsette, seier han.

– Blir tatt han om

Politiførstebetjent Rune Fimreite ved Os lensmannskontor seier at politiet er på staden og gjer undersøkingar inne i verksemda der hendinga skjedde.

– Dei tilsette har vore samla i verksemda, og blir tatt hand om. Politiet var også med for å informera om det som skjer vidare, fortel Fimreite.

Politiet har sperra av eit område inne i fabrikken der hendinga skjedde.

– Vi er på staden og gjer undersøkingar no, og eventuelle avhøyr, seier politiførstebetjenten.

Søfteland