Hopp til innhold

Kvinne funnen i god behold

Ei kvinne i 30-åra som var sakna etter ein fottur på Kattnakken på Stord er funnen.

kattnakken

Ho vart overraska av snørver og dårleg sikt, ifølge politiet.

Kattnakken er eit 700 meter høgt fjell på Stord. Kvinna klarte å ta seg ned til ein skogsveg, og blei møtt av ein politipatrulje der.

– Alt er i orden no, men det er jo spesielt å bli møtt av snøvær på denne årstida, seier Jarle Utne-Reitan ved operasjonssentralen i Sunnhordland.