NRK Meny
Normal

Eldre kvinne rana i Bergen

Politiet ber om tips etter at ei 86 år gamal kvinne blei rana i Bergen. Ranaren skal ha vist fram noko som likna på ein pistol.

Eldre kvinne rana i Bergen

ELDRE KVINNE BLEI RANA: Kvinna var utanfor Solheim Kjøtt i Solheimsgaten då ein mann trua til seg veska hennar.

Foto: Espen Hobbesland / NRK

Klokka 13.32 fekk politiet i Bergen melding om at ei eldre kvinne var blitt rana utanfor Solheim Kjøtt på Danmarks plass.

– Ho blei fråstole ei veske. Det blei vist fram ein pistolliknande gjenstand, opplyser politiet på Twitter.

Kasta frå seg veska

Ranaren skal ha kasta frå seg veska på gata, før han stakk av frå staden.

Kvinne fekk dermed veska si tilbake, men det er enno ikkje klart om han tok noko ut av veska.

– Ho er uskadd og treng ikkje legehjelp, opplyser politiet.

Like før klokka 16 opplyser opplyser politiet til NRK at dei har trappa ned det søket i området ein del, men at alle patruljar framleis er på utkikk etter ranaren.

Avhøyrer vitne

– Vi held no på med avhøyr av vitne og fornærma, seier operasjonsleiar Vibeke Næss i Vest politidistrikt til NRK.

Ho ber folk som kan ha tips i saka om å ta kontakt med politiet på telefon 02800.

Ranaren skal ha vore ein mann i 30-åra.

Politiet har gått ut med følgjande signalement på han:

  • 170-180 cm høg
  • Mørkt hår
  • Lys i huden
  • Hadde på seg ein sjøgrønn gensar og mørk bukse

Siste video

Programleder: Mariann Reikerås
programleder Mariann Reikerås
Havørnen terger en måke, da samles kråker og måker for å ta igjen.