Hopp til innhold

Kvinne (80) overførte 170.000 kroner til afrikansk mann for å få besøk

ODDA (NRK): Utanlandske svindlarar bygde opp sterke tillitsforhold til eldre norske kvinner. Sjølv etter at politiet tok ut tiltale, nektar fleire for at dei er ofre, og har framleis kontakt med svindlarane.

Hardanger lensmannskontor i Odda

RULLA OPP STOR SAK: Etterforskarar ved Hardanger lensmannskontor her i Odda har brukt store ressursar på å etterforska saka etter at kvinna (80) kontakta dei i desember.

Foto: Tale Hauso / NRK

I desember i fjor blei politiet i Hardanger kontakta av ei 80 år gamal kvinne. Ho hadde overført 171.795 kroner til ein afrikansk mann (27) etter kontakt på internett.

Mannen ho chatta med sa han trong pengar for å besøka henne. Men etter ei stund fekk kvinna mistanke om at ho var blitt lurt, og gjekk til politiet.

– Ho fortalde om kontakt med ein «ven», ein person ho kjende godt, seier politiadvokat Siv Hamstad Haukelidsæter i Vest politidistrikt.

Det blei starten på opprullinga av ei større sak, der politiet reknar med at minst 14 middelaldrande og eldre kvinner frå heile Noreg er blitt svindla.

– Då me undersøkte transaksjonane til den aktuelle kontoen, såg me fort at det her låg mange saker, seier Haukelidsæter.

No er den 27 år gamle Oslo-busette mannen tiltalt for grov kvitvasking av over 600.000 kroner. Politiadvokaten vil ikkje oppgi mannen sin nasjonalitet, men seier han er statsborgar i eit afrikansk land.

Siv Hamstad Haukelidsæter

FRAMLEIS KONTAKT MED SVINDLARANE: – Enkelte av kvinnene har kontakt med svindlarane enno, og trur dei skal få pengane sine tilbake, fortel politiadvokat Siv Hamstad Haukelidsæter.

Foto: Tale Hauso / NRK

Nektar for å vera ofre

Dei 14 kvinnene blei kontakta på Facebook og Whatsapp, og fekk etter kvart spørsmål om å gje lån som mellom anna skulle gå til reiseutgifter.

Det var andre personar enn 27-åringen som kontakta kvinnene ved bruk av falske norske profilar, og oppgav 27-åringen sitt kontonummer. Difor har politiet berre kunna tiltala mannen for kvitvasking, sjølv om dei meiner kvinnene er utsette for svindel.

Tiltalen kunne vore endå meir omfattande, hadde det ikkje vore for tillitsforholdet svindlarane klarte å bygga opp.

Då politiet kontakta kvinnene som hadde overført pengar, nekta nemleg fleire for at dei var blitt svindla. Nokre av dei gjer det framleis.

– Nokre av dei opplever ikkje at dei har blitt lurt. Enkelte av kvinnene har kontakt med svindlarane enno, og trur dei skal få pengane sine tilbake. Tillitsforholdet er sterkt, seier politiadvokat Haukelidsæter.

Dermed er berre åtte kvinner i 50- til 80-åra rekna som fornærma i tiltalen.

Nektar straffskuld

Politiet meiner eit profesjonelt og større organisert kriminelt nettverk, der politiet reknar med at dei fleste av bakmennene er afrikanske, står bak.

27-åringen har kort tid etter overføringane frå kvinnene tatt ut store kontantbeløp og overført pengar til vener og kjente i Noreg. Men dei største summane har blitt overførte til det politiet meiner er ein kjenning i heimlandet.

Mannen sit no varetektsfengsla i Bergen, og risikerer seks års fengsel. Han erkjenner ikkje straffskuld.

– Han kjenner seg lurt av personane han har overført pengar til, og har ikkje hatt kjennskap til at pengane stammar frå straffbare handlingar, seier forsvarar Ole-Håkon Ellingsen.

Raske overføringar

Rettssaka mot mannen startar i Hardanger tingrett i april. Her er nokre av transaksjonane politiet vil legga fram som bevis:

  • Kvinna (80) som gjekk til politiet overførte 171.795 kroner til mannen i november i fjor. Dei neste dagane overførte han over 120.000 kroner til ein konto i Afrika.
  • Ei anna kvinne overførte til saman 121.580 kroner i juli i fjor. Same dag og dagen etterpå tok 27-åringen ut 64.500 kroner i kontantar.
  • I juli overførte ei kvinne 67.000 kroner til mannen. I dagane som følgde tok mannen ut 64.500 kroner i kontantar.
  • To kvinner overførte 80.000 kroner til mannen i oktober i fjor. Den eine banken returnerte pengane. Dei neste dagane overførte mannen 60.000 kroner til ein konto i Afrika.