Hopp til innhold

Kvinne (25) er kritisk skada etter ulykke ved Trolltunga

Ein utanlandsk turist ligg med kritiske skadar på Haukeland sjukehus, etter ei ulukke ved Trolltunga i Odda kommune måndag ettermiddag.

Trolltunga

SKULLE HENTA VATN: Ei kvinne skal ha falle ned i ein snøsprekk like ved Trolltunga, då ho skulle fylla vatn frå ein foss av smeltevatn.

Foto: Eldbjørg Pollestad

Ein utanlandsk turist ligg innlagt med kritiske skadar på Haukeland sjukehus, etter ei ulukke ved Trolltunga i Skjeggedal i Odda kommune måndag ettermiddag.

Trolltunga

ULYKKA: Både Sea King og ambulansehelikopter vart sendt til ulykkesstaden, og kvinna vart frakta til Haukeland universitetssjukehus.

Foto: Eldbjørg Pollestad

Den 25 år gamle kvinna skal ha falle ned i ein snøsprekk like ved Trolltunga, då ho skulle fylla vatn frå ein foss av smeltevatn. Hovudredningssentralen vart varsla og både eit Sea King redningshelikopter og luftambulanse vart sendt.

Politiet fekk melding klokka 14.45 måndag.

Kvinna var blitt liggjande ei stund før ho vart oppdaga, og skal ha vore nedkjølt då ho vart funnen av redningsmannskapa.

Stod fast i snøsprekk

Eldbjørg Pollestad og mannen var på tur til Trolltunga då dei møtte ein nordmann på langrennsski som var på veg tilbake frå Trolltunga. Han fortalde dei at det hadde skjedd ei ulykka og at ein person hadde falle ned i ein foss av smeltevatn.

Dei gjekk vidare i to timar og ko, fram til ulykkesstaden som låg 500 meter frå Trolltunga.

– Vi fekk vite at kvinna skulle henta vatn og at ho då hadde glidd ned ein sprekk. Ho kom seg ikkje opp igjen og vart ståande i over ein halvtime før dei fekk ho opp, seier Pollestad.

Laster Twitter-innhold

– Plutseleg stoppa hjarta

Deretter vart ein person firt ned for å henta ho.

– Ho var bevisst då ho vart dradd opp, men var prega av ulykka. Men plutseleg stoppa hjartet hennar og det vart sett i gong med gjenoppliving på staden, seier Pollestad.

Både Sea King og ambulansehelikopter vart sendt til ulykkesstaden, og kvinna vart frakta så frakta til Haukeland universitetssjukehus.

Trolltunga