Hopp til innhold

Kvige sprang i døden under festival – no har bøndene fått nok

I fleire år har bøndene i bygda måtte leita etter skremte kyr etter festivalen Festidalen. I år døydde ei kvige og ein kalv må avlivast.

Denne kviga døydde av skadane ho pådrog seg.

FEKK PANIKK: Bonde Arne Johannes Haugland fann kviga si slik, med foten fast i nokre røter. Han brukte motorsag for å få henne laus, men dyret hadde stå store skadar at ho døydde.

Foto: Privat

Bøndene i Uskedalen er leie av at kyrne deira spring til skogs. I år måtte dyr for første gong bøta med livet. No har bondelaget fått nok, skriv avisa Kvinnheringen.

– Dei må innrømme at dei har laga problem for oss, seier bonde Arne Johannes Haugland til NRK.

Han fortel at kvigene hans stakk til skogs fordi dei vart skremde av bråk frå festivalen. Den eine av dei hadde sett seg fast i nokre velta røter og bonden måtte til med motorsag for å få henne fri.

Leiter etter dyr kvart år

Kviga døydde av skadane, og no rettar Haugland krass kritikk mot festivalen.

– Eg er ikkje i tvil om at kvigene vart så skremde av bråket frå Festidalen at dei fekk panikk og rømde av garde.

Haugland fortel at dette har vore eit problem i fleire år, men at det er første gong at liv har gått tapt.

– Kvart år må vi på leit etter kviger og kalvar fordi dei har blitt skremde av festivalbråk. Det går i eitt frå dei startar med lydprøvar onsdagen til dei avsluttar med fyrverkeri søndag. No får det vere nok, seier han.

Må avlive ein kalv

Kjell Arne Myklebust og Trond Johannes Myklebust fortel til Kvinnheringen at også deira kalvar rømde til naboane, og at dei var heilt ustyrlege då bøndene prøvde å samla dei tilbake.

– Vi har no måtta flytta dei innomhus. Den eine må vi nok slakta. Dei har endra åtferda heilt, og er blitt skikkeleg redde kalvar, seier dei til

Uskedalen bondelag har noko vore i kontakt med Mattilsynet, og har skrive eit brev til leiinga i Festidalen og Kvinnherad kommune.

Haugland håpar at det no vert endringar slik at bøndene slepp å leite etter dyra sine etter festivalhelga i framtida.

– Dei må endeleg arrangera Festidalen, men dei bør snu scena. Slik den står no vert det for mykje støy. Dyra mine er på beite tre kilometer unna, men det er ungdyr som aldri har vore ute før. Dei vert vettskremde når bråket gjallar i dalen her, seier han.

– Trasig dersom dette skuldast oss

Bjørn Olav Tveit, styreleiar i Festidalen, seier det som har skjedd er beklageleg.

– Vi har ikkje fått tilbakemeldingar frå bønder om at støy har vore eit problem tidlegare.

Tveit fortel at festivalleiinga er i kontakt med bondelaget, og at dei no diskuterer tiltak.

– Eg opplever at vi har ein god og konstruktiv dialog, og håpar vi kan finne ei felles løysing for vegen vidare. Vi er også opptekne av dyrevelferd, seier han til NRK.

– Ikkje uvanleg

President i Den Norske Veterinærforening, Torill Moseng, seier at det ikkje er uvanleg at dyr får panikk og flyktar.

– Kyr er fluktdyr, dersom dei vert redde nok, kan dei få panikk. Det er ikkje sjeldan at dyr under flukt kan springe utfor stup eller setje seg fast. Då kan det få fatale konsekvensar.

Ho påpeikar at dette er heilt vanlege instinkt hos typiske byttedyr som ku, hjort og rådyr.

– Då er det viktig at menneska rundt viser omsyn, seier ho.