Kvalane svømmer til Karibia og tilbake til Noreg – men ingen veit kvifor

Forskarane har for første gong registrert heile reisa til ein knølkval, frå Noreg til Karibia og tilbake igjen.

Knølhval

REISERUTE: Slik ser reisa til knølkvalen «Theresia» ut. Ho er den fyrste forskarane har klart å følge heile vegen til Karibia og tilbake.

Foto: Audun Rikardsen, Nils Øien, Martin Biuw / UiT

I september 2018 blei ti knølkvalar merkt like ved Svenskeøya i Barentshavet, eit kjent beiteområde for knølkvalen. Seinare blei seks knølar til merka i Kvævagen utanfor Skjervøy.

Forskarane visste at kvalane brukte å vandre frå Barentshavet og Norskekysten til bankane utanfor nokre store øyer i Karibia for å pare seg eller føde ungar.

Men kvifor dei måtte reise heilt dit hadde derimot forskarane ingen god forklaring på.

Vanskelege å merke

Ein kval som blei merkt i Burfjorden i Kvænangen i januar har forskarane nå følgd heile vegen til Karibia og tilbake (ekstern lenke).

Kvalsporinga er ein del av Whaletrack-prosjektet, som blir leia av UiT – Noregs arktiske universitet i samarbeid med mellom blant anna og Havforskingsinstituttet i Bergen og Tromsø.

Men å få merkinga til bli sittande på kvalen har vore vanskeleg.

– Dei siste tre-fire åra har vi merkt til saman 40 dyr, men ikkje før nå vi klar å følgje nokon heile vegen ned og opp igjen, seier professor Audun Rikardsen ved UiT – Noregs arktiske universitet.

Difor er han og dei andre i kvalprosjektet begeistra over at dei endeleg har klart det.

Knølhval bryter overflaten mens de slurper i seg sild utenfor Skjervøy i Troms

VANDRAR: Knølkvalen eter i arktiske strøk, og reiser så til Karibia eller Vest-Afrika for å føde eller pare seg. Den er det pattedyret i heile verda som vandrar lengst.

Foto: Sindre Skrede / NRK

Lang veg til «fødeklinikken»

Kvalen har fått namnet «Theresia» etter ein av masterstudentane som var med på å merke den.

– Vi har ein liten mistanke om at det er ein ho-kval som var gravid då vi merkte ho og at ho reiste ned til Karibia berre for å føde, seier Rikardsen.

Dei fleste kvalane av kvalane forskarane har følgd i prosjektet har vore ved bankane i Karibia i fleire veker, men ein snudde etter berre nokre timar.

Rikardsen seier den lange reisa kan skuldast at det er mindre spekkhoggarar der, som kan ta kalvar av knølkval. Det kan også ha med å gjere at når kalven blir fødd så er det betre å vere i varmt vann.

Men det kan også vere ei anna forklaring.

– Kanskje begynte dei første knølkvalane å gjere dette for svært lenge sidan av ein eller annan grunn, og så held dei rett og slett fram med det av gamal vane.

Hvalforsker Audun Rikardsen

SPESIELL: Forskar Audun Rikardsen seier denne kvalen er spesiell. – Blant anna drog den via Island både på veg sørover og nordover igjen, og den både kom og drog veldig seint frå Karibia.

Foto: ODD ARNE OLDERBAKK / NRK

– Unikt

Målet med merkinga av knølkvalane er å lære meir om korleis dei vandrar og kva område dei bruker. Kunnskapen kan nyttast til å finne ut korleis ein kan unngå at kvalane set seg fast i reiskapar eller bli råka av anna menneskeleg aktivitet langs kysten, som båttrafikk, seismikk og petroleumsaktivitet.

Prøvane frå kvalen «Theresia» skal forskarane snart analysere.

– Dette er veldig unikt. Vi håper å følge kvalen eit heilt år, for å sjå om den kjem tilbake til fjordane i Troms. Nå er den nord i Barentshavet på beite, seier Rikardsen.