Hopp til innhold

«Alle ungane snakkar bymål i dag. Eg synest det er heilt forkasteleg»

I dag fyller Nordhordlandsbrua 20 år. Slo brumotstandarane sin skremslepropaganda til?

Nordhordlandsbrua 20 år: Kva skjedde med strilekulturen?

NORDHORDLANDSBRUA 20 ÅR: Kva skjedde med strilekulturen? Foto/redigering: Kjartan Lægreid

Ivar Medaas

KRITISK: Ivar Medaas meinte nordhordlendingane ville mista møteplassane sine med den nye brua.

Foto: Gry Bakke / NRK

«Dei seier at vi skal koma to minutt før til Bergen. Kva i all verda skal vi gjera med dei to minuttane?».

Visesongaren og revyartisten Ivar Medaas er for mange sjølve symbolet på ein stril frå omlandet kring Bergen. Med «Dar kjem dampen» som sin mest kjende song, kom det kanskje ikkje som ei bombe at Medaas agiterte heftig mot bygginga av Nordhordlandsbrua, som skulle binda strilelandet saman med Bergen.

Medaas' store uro var at strilane skulle mista møteplassane sine, på kaien og ferja. Då hjelpte den innsparte reisetida til storbyen lite, meinte han.

Og mannen bak songhyllesta til DS «Oster» hadde nok eit poeng, meiner Einar Borgund, leiar i Radøy sogelag.

– Vi saknar kanskje ferjekøane. Vi rusla langs bilane, trefte folk vi kjente, og fekk oss ein hyggjeleg prat, seier Borgund.

Stor folketalsvekst

Men trass i protestane; 22. september 1994 sto brua ferdig. Kong Harald sto for opninga av vegen over Salhusfjorden, og håpa den skulle «bli til nytte og glede for nordhordlendingane, deira naboar og alle andre som skal ferdast her i åra framover».

Sjå innslaget om bruopninga frå Dagsrevyen 22. september 1994 her:

Nettsak om at det er 20 år siden Nordhordlandsbrua åpnet.

Tjue år har gått, og sidan den gong har spesielt Meland kommune, som ligg nærast Bergen, fått merka konsekvensane.

Folketalsveksten er størst i fylket, og dei ti siste åra har veksten vore dobbelt så høg som snittet for Hordaland. Kommunen er på SSBs topp 20-liste over dei raskast veksande kommunane i landet.

– Folkeveksten er eventyrleg. Vi har også fått meir fart på næringsutviklinga både her og i resten av regionen, seier Meland-ordførar Nils Marton Aadland (H).

– Vi har blitt meir medvitne om eigen kultur

Nils Marton Aadland

FOLKETALSVEKST: Nils Marton Aadland (H) er ordførar i ein av landets raskast veksande kommunar. Brua er ei viktig forklaring.

Foto: Kjartan Lægreid / NRK

Dei løpske kostnadane til brua og miljøutfordringane var mellom argumenta mot bygginga. Medaas fekk også ein del støtte for sine argument, men eit stort fleirtal av folket i Nordhordland var positive.

Ordførar Aadland var redaktør i lokalavisa, og følgde debatten tett før bygginga. Hans konklusjon er at Medaas si uro synte seg å vera overdriven.

– Mitt inntrykk er at dei positive elementa har slått inn, medan vi ikkje har sett dei negative, seier han.

Aadland trur brua har gjort nordhordlendingane tryggare på seg sjølve.

– Vi som bur i Nordhordland har blitt endå meir medvitne om eigen kultur. Vi har hatt ein eventyrleg utvikling etter at brua kom, og det har gjort oss meir sjølvsikre og meir sjølvbevisste, meiner han.

– Strilelandet påverkar Bergen meir enn omvendt

Einar Borgund

STRILANE PÅVERKAR: Einar Borgund i Radøy sogelag meiner strilelandet påverkar Bergen meir enn motsett.

Foto: Kjartan Lægreid / NRK

Ikkje alle er einige med ordføraren. På Frekhaug i Meland er meiningane delte.

– Har strilekulturen blitt skadelidande av at Bergen kom nærare?

– Ja. Språket, ikkje minst. Alle ungane snakkar bymål i dag. Eg synest det er heilt forkasteleg. Eg synest dei skal snakka strilemål, seier ei av dei NRK møter på Frekhaug i Meland på 20-årsdagen.

Sjå reportasjen fra Vestlandsrevyen i toppen av artikkelen.

Men om strileungane snakkar meir bergensnært, kan det kanskje vera fordi dei vil påverka bergensarane, og ikkje omvendt – om ein skal tru Borgund i sogelaget på Radøy.

– Strilane har hevda seg minst like godt etter at brua kom. Eg meiner strilelandet påverkar Bergen i mykje større grad enn omvendt, konkluderer han.

Sjå bileta frå bygginga av brua tidleg på 90-talet:

Se bildene fra den gang Nordhordlandsbrua var under bygging på 90-tallet.